Penicillium griseofulvum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Penicillium griseofulvum
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina
Klasse: Kulesekksoppar Eurotiomycetes
Underklasse: Eurotiomycetidae
Orden: Eurotiales
Familie: Trichocomaceae
Slekt: Penselmuggsoppar Penicillium
Art: P. griseofulvum
Vitskapleg namn
Penicillium griseofulvum

Penicillium griseofulvum er ein penselmuggsopp som mellom anna er knytt til muggeple under lagring. Han finst over heile verda.

Ei sekvensering av genomet til P. griseofulvum vart publisert i 2016 og var på 29,3 megabasar. Samanlikning med andre penselmuggsoppgenom fann at P. griseofulvum vart ein eigen art etter Penicillium oxalicum, men før penicillinmugg.

P. griseofulvum produserer molekyla patulin, griseofulvin, roquefortin C, penicillin, syklopiasonsyre og kanoklavin I.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]