Penna Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Penna)

Penna Forlag AS var eit norsk forlag som blei etablert i Førde i Sogn og Fjordane i byrjinga av 2007. Forlaget var eigd av Johannes Fleten, som var styreleiar, og Iris Loftheim Valaker, som hadde jobben som dagleg leiar. Forlaget hadde kontora sine i Elvevegen i Førde.

Forlaget hadde som føremål å «vere eit forlag for folk flest, og skal ha hovudvekt på produksjon og sal av bøker som er spesielt retta mot vestlandsregionen». Den første boka frå forlaget var skriven av Ole Johannes Øvretveit og kom ut i oktober 2007. Den største salsuksessen til forlaget var boka Til Førde skriven av Firda-journalist Stig Roger Eide. Boka vart svært populær i Sunnfjord. Totalt rakk forlaget å gje ut ut sju bøker.

Penna Forlag AS vart slege konkurs i Fjordane Tingrett, fredag 30. april 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]