Pennekniv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samanleggbar pennekniv.
Lommekniv. Sveitsisk Victorinox med 4 blad, eit av dei ein pennekniv.

Pennekniv er eit knivverktøy som kan brukast til å snitta fjørpennar[1] og å kvessa blyantar med, og i tillegg til å skjera sigarar. Ofte er han i form av ein liten lommekniv, ikkje sjeldan med eit par ytterlegare verktøy, til dømes korketrekkar og neglefil, men lommeknivar med fast blad og futteral finst òg. Lommekniven var, i tillegg til ein bruksgjenstand, òg eit statussymbol. Ikkje sjeldan var skaftet laga av eksklusivt materiale som perlemor eller elfenbein.

Pennekniven var på første halvdelen av 1900-talet ein av dei vanlegaste reklamegåvene. Det blei laga talrike penneknivar med namn og logo til selskap som delte dei ut.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pennekniv» i Det Norske Akademis ordbok