Penny Lane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Penny Lane
Singel av The Beatles
frå albumet 'Magical Mystery Tour'
A-side «Strawberry Fields Forever» (dobbel A-side)
Utgjeve 13. februar 1967
Innspelt 29. desember 1966 til 17. januar 1967
Studio EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 3:03
Selskap Parlophone (UK)
Capitol (US)
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Yellow Submarine»/«Eleanor Rigby»
(1966)
Penny Lane «All You Need Is Love»
(1967)


}} «Penny Lane» er ein song av det engelske rockebandet The Beatles. Songen vart skrive av Paul McCartney,[6] men tilskriven Lennon/McCartney. Songen vart spelt inn under innspelinga av albumet Sgt. Pepper, men vart ikkje ein del av dette albumet. I staden vart han gjeve ut på singel i februar 1967 som ei dobbel A-side «Strawberry Fields Forever». Produsenten George Martin har uttrykt at desse to songane i lag utgjorde den beste singelen som bandet nokon gong gav ut.

Begge songane vart seinare gjevne ut på albumet Magical Mystery Tour i november 1967. I heimlandet Storbritannia er singelen kjend for å ikkje ha nådd førsteplassen, men stoppa på plassen bak Engelbert Humperdinck sin «Please Release Me».[7] Dette kom av at BBC talde dei to songane som to forskjellige singlar, så i røynda selde singelen nesten det dobbelte av det Humperdinck gjorde. I USA og i Noreg gjekk singelen til topps på listene. Songtittelen er namnet på ei gate i heimbyen til bandet, Liverpool. Området rundt gata vert òg ofte kalla Penny Lane.

McCartney og Lennon voks begge opp i dette området og dei møtte kvarandre ved Penny Lane då dei skulle ta bussen inn til byen. Gata er i dag ein turisattraksjon i byen, og gateskiltet vart så ofte stole at styresmaktene i byen til slutt valde å i staden måle gatenamnet på ein bygning. I 2007 var derimot skiltet tilbake på plass.

I 2010 sette musikkmagasinet Rolling Stone songen på 456. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[8]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ian MacDonald:[9]

The Beatles
Andre musikarar

I august 1987 vart pikkolotrompeten Mason brukte på «Penny Lane» og to andre Beatles-songar («All You Need Is Love» and «Magical Mystery Tour») seld på ein auksjon på Sotheby's for 10 846 amerikanske dollar.[10]

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australske Go-Set National Top 40[11] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[12] 5
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[13] 4
Canada Top Singles (RPM)[14] 1
Irland (IRMA)[15] 2
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 1
UK Singles (Official Charts Company)[17] 2
US Billboard Hot 100[18] 1
US Cash Box Top 100[19] 1
Vest-Tyskland - Media Control-lista[20] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Canada [21] 21
US Billboard [22] 55
US Cash Box [23] 45

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[24] Gull 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Philo 2014, s. 119.
  2. Willis 2014, s. 220.
  3. Courrier, Kevin (2009). Artificial paradise: the dark side of the Beatles' utopian dream. Michigan: Praeger. s. 157. ISBN 0-313-34586-4. 
  4. Heylin, C (2007). The Act You've Known For All These Years: the Life, and Afterlife, of Sgt. Pepper. London: Canongate Books. s. 153. ISBN 1-84195-955-3. 
  5. Working Class Heroes: Rock Music and British Society in the 1960-åra and 1970s by David Simonelli, page 106
  6. «Magical Mystery Tour» frå Beatles Songwriting & Recording Database
  7. Greatest Chart Number Twos, The Guardian, mai 2004
  8. Rolling Stone Top 500 Songs
  9. MacDonald 2005, s. 221–223.
  10. Kozinn, Allan. «Auctions». NY Times. Henta 25. april 2015. 
  11. «Go-Set Australian Charts – 19. april 1967». poparchives.com.au. Henta 21. mars 2015. 
  12. "The Beatles – Penny Lane – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 16. mars 2018.
  13. "Ultratop.be – The Beatles – Penny Lane" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mars 2018.
  14. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 16. mars 2018.
  15. "The Irish Charts – Search Results – Penny Lane". Irish Singles Chart. Retrieved 16. mars 2018.
  16. "Dutchcharts.nl – The Beatles – Strawberry Fields Forever / Penny Lane" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mars 2018.
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 16. mars 2018.
  18. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 16. mars 2018.
  19. Mal:Webarchive. Cash Box magazine. Retrieved 16. juni 2016.
  20. «Offizielle Deutsche Charts» (Enter «Beatles» in the search box) (på German). GfK Entertainment Charts. Henta 16. mars 2018. 
  21. «RPM 100 Top Singles of 1967». RPM. Library and Archives Canada. Henta 16. mars 2018. 
  22. «Top 100 Hits of 1967/Top 100 Songs of 1967». musicoutfitters.com. Henta 16. mars 2018. 
  23. «The Cash Box Year-End Charts: 1967». Cashbox Archives. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 16. mars 2018. 
  24. «American single salstrofé – The Beatles – Penny Lane». Recording Industry Association of America. Henta 14. mai 2016.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH