Penrith i England

Koordinatar: 54°40′N 2°45′W / 54.667°N 2.750°W / 54.667; -2.750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Penrith i Cumbria)

Penrith

Marknadsplassen
Marknadsplassen
Marknadsplassen
Plassering
Penrith i England is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cumbria
Distrikt Eden
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

14 756
Koordinatar 54°40′N 2°45′W / 54.667°N 2.750°W / 54.667; -2.750
Diverse annan informasjon
Postnummer PA10-11
Telefon-retningsnummer 01768
Commons har multimedium som gjeld: Penrith i England

Penrith er ein by i Cumbria i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Eden.

800- og 900-talet var han hovudstaden for Cumbria, som var ein delvis sjølvstendig nasjon. I 1070 vart området ein del av Skottland. Dei eldste gatene i byen kom til på 1200-talet.

Penrith slott vart reist i 1399, på staden der eit forsvarstårn hadde stått. Det vart etterkvart ei kongeleg festning, ått av Richard, hertug av Cloucester.

På St. Andrew's kyrkjegard ligg ifølgje segna ei kjempe og høgkonge av heile Cumbria gravlagt. Steinane som står rundt grava skal symbolisere villsvin som han drap i Inglewoodskogen.

På Beacon Hill rett utanfor byen står eit monument frå 1719 på eit stad der det sidan Henrik VIII si tid har vore ein varde (beacon). Det går ein tursti opp dit, og frå toppen er det god utsikta utover Edendalen.

William Wordsworth, systera hans Dorothy og den seinare kona hans Mary Hutchinson gjekk alle på skule i Penrith. Skulehuset er no ein kafé, Tudor Coffee Room.

I sentrum av byen står eit klokketårn, som vart reist i 1861 til minne om Philip Musgrave.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]