Pensacola i Florida
| Pensacola | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Florida | ||
| Areal | 105,574392 km² | ||
| Folketal | 54 312 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Pensacola i Florida 30°25′17″N 87°13′02″W / 30.421388888889°N 87.217222222222°W | |||
| Wikimedia Commons: Pensacola, Florida | |||
Pensacola er ein by i delstaten Florida i USA. Byen ligg nordvest ved Pensacola Bay og er heimehamn til mange av skipa i den amerikanske marinen. Pensacola er òg fylkessete for Escambia County. Byen har om lag 54 312 innbyggjarar[2] fordelt på 58,8 km².
Pensacola er ei sjøhamn med tilgang til Mexicogolfen som er verna av barriereøya Santa Rosa. Marineflybasen her er den eldste og største kontinuerlege i USA. Han er heimebase for flydemonstrasjonsgruppa Blue Angels og National Naval Aviation Museum. University of West Florida ligg nord for sentrum i byen, som også huser Pensacola Christian College og Pensacola State College.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen blei fyrst busett av Det spanske imperiet i 1559, seks år før skipinga av St. Augustine.[3] Han blei forlaten på grunn av ein kraftig orkan og ikkje busett att før i 1698.[4]
Dei opphavlege innbyggjarane i Pensacola Bay-området var ein muskogeansk-talande stamme spanjolane kjende som pensacola. Dette namnet blei ikkje skrive ned før i 1677, men det verker som om stammen var kjelda til namnet «Pensacola» for bukta og dermed også byen.[5] Muskogeefolk kom jamleg frå dagens Sør-Alabama for å driva handel, så folk her var del av eit større regionalt og tilmed kontinentalt nettverk.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ United States Census Bureau (red.). «folketeljinga i USA 2020». Henta 1. januar 2022.
- ↑ Ved folketeljinga i 2020. «Explore Census Data». United States Census Bureau. Henta 22. januar 2025.
- ↑ «Tristan de Luna y Arellano | University of West Florida». uwf.edu. Henta 31. august 2024.
- ↑ «Emanuel Point Shipwreck». Visit Pensacola (på amerikansk engelsk). Henta 9. oktober 2024.
- ↑ Swanton, John Reed (2003). The Indian tribes of North America. Genealogical Publishing. s. 136–137. ISBN 978-0-8063-1730-4. Henta 23. september 2010.
- ↑ Dysart, Jane E. (1982). «Another Road to Disappearance: Assimilation of Creek Indians in Pensacola, Florida, during the Nineteenth Century». The Florida Historical Quarterly. 61 (1): 37–48. ISSN 0015-4113. JSTOR 30146156.
- Denne artikkelen bygger på «Pensacola, Florida» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2026.
