Pentagram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pentagram

Pentagram eller pentalpha (fem A-ar) er namnet på ein regulær femtakka stjerneform, som gjennom historia har vorte nytta som ikon i diverse religiøse og okkulte samanhengar. Stjerna kan teiknast i ein fortløpande strek, og linene dannar eit pentagon (femkant) i midten av symbolet. Penta er gresk og tyder «fem».

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tidene har pentagrammet vorte sett på som eit magisk teikn, og har mellom anna vorte nytta som

  • Vern mot vonde ander, då oftast nytta ved inngongspartia til hus og liknande, målt på dører og dørtersklar, til dømes.
  • Påkalling og fasthalding av ander. Om spissen er retta oppover kallar ein på andene frå oververda, og om spissen er vendt nedover kallar ein på andane frå underverda.

I dag vert femkanta stjerne, men ikkje teikna i ein strek, nytta i fleire flagg, til dømes i USA og EU sine, der dei symboliserer medlemsstatane. Flagget til Marokko har pentagram i ein strek.

Symbolisme[endre | endre wikiteksten]

Pentagrammet kan symbolisere mennesket med utstrakte armar og bein, samstundes som det viser dei fem sansane våre. Er symbolet vend oppover viser ein til det medvitne mennesket, medan ein viser til det omvendte om ein snur stjerna.

For pythagoristane var pentagrammet eit symbol på helse. Dei teikna bokstavane S, A, L, U, S i spissane, noko som opphavleg har vore sett på som eit lukkebringande teikn.

I kristendommen symboliserer pentagrammet dei fem såra til Jesus Kristus.

Pentagrammet har òg vorte sett på i samband med planeten Venus sin konjunksjon med sola, som i ein periode på åtte år dannar eit heilt presist pentagram.[1]

Den femkanta stjerna inneheld det gylne snittet, eller talet phi, og symboliserer på det viset venleik i skapinga.

Pentagrammet var attributtet til Sir Gawain

I tarot symboliserer pentagrammet elementet jord.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]