Pentti Nikula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pentti Nikula

Statsborgarskap Finland
Fødd 3. februar 1939 (85 år)
Somero
Yrke stavhopper
Høgd 180 centimeter
Pentti Nikula på Commons

Pentti Kustaa Nikula (fødd 3. februar 1939 i Somero) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i stavsprang. Han var den aller fyrste som hoppa over fem meter i stavstavsprang. Men sidan rekorden vart sett innandørs i ein hall, vert USA-amerikanaren Brian Sternberg rekna som den fyrste femmetershopparen, då denne var den fyrste stavhopparen som overskreid høgda i friluft.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Innføringa av glasfiberstaven førte frå 1961 til at det vart sett ei rad verdsrekordar i stavsprang. 22. juni 1962 forbetra Nikula i Kauhava verdsrekorden i stavhopp til 4,94 meter, ein centimeter over US-amerikanaren Dave Tork sin gamle verdsrekord.

Under EM 1962 i Beograd, midt i september månad, vart Nikula europameister med 4,80 meter, framom Rudolf Tomášek frå Tsjekkoslovakia og sin eigen landsmann Kauko Nyström, begge med 4,60 meter. Også på fjerdeplassen kom ein finne, Risto Ankio med 4,55 meter.

Den 2. februar 1963 i Pajulahti hoppa Nikula som det fyrste menneske over femmeterslista, deretter gjekk han over 5,05 meter i tredje forsøk. Nikula la så på til 5,10 meter og svinga seg over i sitt fyrste forsøk. Dermed var hallrekorden i verda 16 centimeter over utandørs verdsrekord. Utandørsekorden vart i april 1963 forbetra til nøyaktig fem meter av Brian Sternberg. Nikula forbetra sjølv sin utandørs-rekord til 5,00 meter i Björneborg, ein månad etter Sternberg. Gjennom 1963-sesongen vart utandørsverdsrekorden forbetra fleire gongar, fyrst av Sternberg til 5,08 m, før John Pennel tok over med 5,13 meter og til sist 5,20 m.

Nikula vart finsk meister i stavhopp i 1962 og 1964. I OL 1964 vart han nummer sju og la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i diskoskast i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]