Penza
| Penza | |||
| Пенза | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Penza oblast | ||
| Høgd | 150 m | ||
| Areal | 290,377 km² | ||
| Folketal | 487 978 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1663 | ||
| • Bystatus | 1663 | ||
| Postnummer | 4400xx | ||
| Retningsnummer | (+7) 8412 | ||
| Bilnummer | 58 | ||
![]() Penza 53°12′N 45°00′E / 53.2°N 45°E | |||
| Wikimedia Commons: Penza | |||
Penza (russisk Пе́нза) er ein by i Russland og er det administrative senteret i Penza oblast. Byen ligg ved elva Sura, 625 km søraust for Moskva. Byen har om lag 490 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Penza vart grunnlagd i 1663 som ein grensepost på det som då landegrensa til Russland mot søraust. Byen er kalla opp etter elva han opphavleg låg ved. Sidan byen opphavleg låg i eit grenseland vart dei fleste husa bygd av tre og byen utvikla seg utan noko overliggjande plan. På 1700-talet vart Penza eit viktig handelssenter.
I 1774 vart Penza tatt av opprørshæren til Jemeljan Pugatsjov, etter at borgarar i byen slapp kosakkane inn i byen. Dei første husa i stein starta å dukke opp etter 1801 og i 1809 hadde Penza fått over 13 000 innbyggjarar.
Under den russiske borgarkrigen starta dei tsjekkoslovakiske legionane eit anti-bolsjevikisk opprør i Penza. Under sovjetperioden utvikla byen seg som eit regionalt industrielt senter.
I dag
[endre | endre wikiteksten]I dag vert Penza rekna som eit regional senter for høgare utdanning. Byen har seks universitet, 13 høgskular og 77 offentlege skular. Penza er òg vertsby for tre teater, fire museum og tre kunstgalleri.
Topografisk sett skil Penza seg kraftig frå dei omliggande byene, med sitt bølgjande bakkelandskap og omkringliggande skogar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Penza» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2008.

