People Get Ready

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
People Get Ready
Singel av The Impressions
frå albumet People Get Ready
Språk engelsk
Utgjeve 1965
Innspelt Chicago: 1964
Sjanger Soul
Lengd 2:38
Selskap ABC-Paramount
10622
Komponist Curtis Mayfield
Tekstforfattar Curtis Mayfield
Låtskrivar(ar) Curtis Mayfield
Produsent Johnny Pate
The Impressions-kronologi 
«Amen»
(1964)
People Get Ready «Woman's Got Soul»
(1965)


«People Get Ready» var ein song frå 1965 av The Impressions og tittelsporet på albumet med same namn. Singelen er i dag den mest kjende hitten til gruppa og nådde tredjeplassen på Billboard R&B-lista og 14. plass på Billboard Pop-lista. Den gospelaktige songen var skriven av Curtis Mayfield og synte at han hadde byrja å skrive meir samfunnsmessige og politisk medvitne tekstar.

Magasinet Rolling Stone sette «People Get Ready» på 24. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene, og på 20. plass på lista deira over dei 100 beste gitarsongane. Songen er òg med blant dei 500 songane Rock and Roll Hall of Fame meinte hadde forma rock and roll. «People Get Ready» vart òg kåra til ein av dei 10 beste songane gjennom tidene av ein jury på 20 kjende låtskrivarar og produsentar, som Paul McCartney, Brian Wilson, Hal David, og andre i magasinet Mojo og han vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 1998.

Mayfield sa «han vart teke frå kyrkja mi, eller frå meldinga frå kyrkja i oppveksten min. Eg må ha vore i ei djup kjensle av den slags religiøs inspirasjon då eg skreiv den songen.» Songen er den første Impressions-hitten med Mayfield på gitar i mellomspelet.[1]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

Bob Dylan har spelt inn tre forskjellige versjonar av songen. Dylan spelte først inn songen med The Band i 1967 under dei kjende The Basement Tapes-innspelingane. Denne versjonen har aldri vorte gjeven ut offisielt, men finst på mange piratkopiplater kalla The Basement Tapes. Han spelte inn ein ny versjon i 1975, som kom ut i 1978 på ei promoplate for filmen hans Renaldo and Clara. Denne versjonen var ein av 42 sjeldne songar av Dylan som vart gjeven ut på iTunes. Dylan spelte inn ein tredje versjon i 1988 for filmen Flashback.

Den kanadiske countrysongaren Michelle Wright spelte inn songen i 1997 for samlelabumet Peace in the Valley. Versjonen hennar nådde 49. plassen på RPM Adult Contemporary-lista.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Pruter, Curtis Mayfield & The Impressions, The Anthology, 1961-1977, liner notes
  2. Discogs - Jeff Beck And Rod Stewart – People Get Ready

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]