People Like Us av The Mamas and the Papas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
People Like Us
Studioalbum av The Mamas & the Papas
Språk engelsk
Utgjeve November 1971
Sjanger Poprock
Lengd 36:12
Selskap Dunhill
Produsent John Phillips
The Mamas & the Papas-kronologi 
The Papas & The Mamas
(1968)
People Like Us


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars[1]
Rolling Stone[2]

People Like Us er det femte og siste studioalbumet til The Mamas & the Papas, utgjeve i november 1971, tre år etter gruppa først vart oppløyst. Dette albumet kom til fordi dei tidlegare medlemmane framleis var under kontrakt med Dunhill Records. Gruppa hadde opphavleg signert ein avtale med selskapet, då det vart styrt av den originale produsenten deira, Lou Adler, men innan 1971 hadde distributøren til Dunhill, ABC Records, kjøpt selskapet og oppdaga ein klausul i kontrakten. I følgje kontrakten deira måtte gruppa gje ut eitt album til, eller bryte kontrakten med dei mogelege bøtene det kunne føre til.

Albumet vert rekna som skuffande av både fansen og kritikarane. Likevel selde det moderat og nådde 84. plassen på Billboard Pop Albums-lista.[3] Det vart produsert av John Phillips. Michelle Phillips skreiv seinare i notata i ei CD-samling av bandet at albumet «høyrdest ut slik som det var, fire personar som prøvde å unngå søksmål».

Alle songane utanom «I Wanna Be a Star» (skriven i lag med Michelle) vart skriven av John, og People Like Us er derfor det einaste The Mamas and the Papas-albumet med berre originale songar. Noko av tekstane refererer til forholdet John på den tida hadde med skodespelarinna Geneviève Waïte, som han gifta seg med i 1972.

Av songar her finn ein «Pearl», som var ei hyllest til songaren Janis Joplin, singelen «Step Out» (81. plassen på Billboard Hot 100, 25. plassen på Adult Contemporary) og tittelsporet som var den siste songen gruppa spelte inn i lag. Fordi Cass Elliot var sjuk under innspelinga, vert det meste av solovokalen sungen av Denny Doherty og Michelle, og sjølv om ho er mogeleg å høyre på somme spor, er ikkje Elliot dominerande på albumet.

People Like Us kom sidan ut på nytt på MCA Records og Geffen Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«People Like Us»3:25
2.«Pacific Coast Highway»3:04
3.«Snowqueen of Texas»2:37
4.«Shooting Star»2:54
5.«Step Out»3:03
6.«Lady Genevieve»3:48
Side to
Nr.TittelLengd
7.«No Dough»3:05
8.«European Blueboy»3:39
9.«Pearl»2:24
10.«I Wanna Be a Star» (J. Phillips, Michelle Phillips)2:17
11.«Grasshopper»2:57
12.«Blueberries for Breakfast»2:59
Bonusspor på engelsk CD-utgåve
Nr.TittelLengd
13.«Fantastic Four» (unytta opptak)2:33
14.«Lady Genevieve» (unytta opptak)4:30
15.«No Dough (Honeymoon)» (altenativ miks)3:07
16.«Mississippi» (albumversjon)3:36
17.«April Anne»3:20
18.«Revolution On Vacation» (alternativ miks)2:45
19.«Cup of Tea (Sky Jacked)» (alternativ miks)3:50
20.«Me and My Uncle (Jack of Diamonds)»4:20
21.«Andy's Talkin' Blues»2:53

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering[3]
1971 Billboard Pop Albums 84

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 16. november 2009, henta 12. januar 2019 
  3. 3,0 3,1 «People Like Us - The Mamas & the Papas | Awards | AllMusic». AllMusic. Henta 12. januar 2019.