Peoria i Illinois
Utsjånad
| Peoria | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 130,665007 km² | ||
| Folketal | 113 150 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Peoria 40°41′33″N 89°35′24″W / 40.6925°N 89.59°W | |||
| Wikimedia Commons: Peoria, Illinois | |||
Peoria er ein by i delstaten Illinois i USA. Byen, som vart grunnlagt i 1691 av den franske oppdagaren Henri de Tonti, har 113 000 ibuarar og hyser fylkessetet for Peoria County. Peoria er den eldste europeiske busetnaden i Illinois.
Byen er kalla opp etter peoria-folket, ei stamme av innfødde som befolka området. Før forbodstida (1920) var Peoria eit sentrum for whisky-næringa i USA. Til 2018 låg hovedkontoret til maskin- og utstyrsprodusenten Caterpillar Inc. i Peoria.
Peoria har ei stor hamn ved Illinois-elva og er handels- og utskipingsenter for eit stort jordbruks-omland som produserer mais, soyabønner og avlar husdyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑
Feil: Klarte ikkje visa kjelda frå Wikidata rett. Tekniske detaljar:
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P98, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen. - Grunnen til at {{Kjelde på Wikidata}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
P854, som ikkje er knytt til nokon parameter i denne malen.
- Grunnen til at {{Kjelde www}} ikkje verka: Wikidata-kjelda inneheld eigenskapen
- Denne artikkelen bygger på «Peoria, Illinois» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2025.
