Pepsikyss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pepsikyss er debutboka til Ingvar Ambjørnsen frå 1976. Det er ei diktsamling som han laga medan han tok gartnarutdanning i Ulvik.[1] Boka er på 20 sider, og blei gjeven ut på eiga hand av Ambjørnsen. Ho inneheld også hans eigne illustrasjonar og eit kort prosastykke.[2]

Allereie då han var 19 år hadde forfattaren fått tilsagn om utgjeving av bokmanuset En dragefangers drømSolum Forlag. Men forlaget trekte seinare tilbodet - og Ambjørnsen destruerte manuset. Deretter skreiv han Pepsikyss som han sjølv omtalar som «jævleg dårleg» og at han i boka «sviktar si eiga røyst».[3]

Ambjørnsen selte halvparten av opplaget på gata i Bergen, men dumpa 250 eksemplar av den fyrste diktsamlinga si i ein containar.[1] I dag er boka verd mellom 5000 og 10 000 kroner, og er tilnærma «søkk borte».[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nadina Bouhlou (1. november 2004). «Solgte dikt på gaten». Bergensavisen. 
  2. 2,0 2,1 Cato Schiøtz (31. juli 2009). «Tilnærmet søkk borte». Morgenbladet. 
  3. «Dagbladet Kultur (SoundCloud): Intervju med Ingvar Ambjørnsen (min. 26:33 og vidare)». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]