Peptid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit tetrapeptid

Peptid er stutte kjeder av aminosyrer som er bundne saman av peptidbindingar. Dei blir grovt delte inn i oligopeptid, sett saman av få aminosyrer, og polypeptid, som er sett saman av mange. Peptid med fleire enn 100 aminosyrer blir gjerne kalla protein.

Grensa mellom oligopeptid og polypeptid blir ofte sett ved rundt 50 aminosyrer, eller ei molekylvekt på om lag 5000. Oligopeptid med svært få aminosyrer kan få namn etter det nøyaktige talet – di-, tri-, tetra- og pentapeptid inneheld i same rekkefølgje 2, 3, 4 og 5 aminosyrer. Denne terminologien er sjeldan brukt for peptid med fleire enn 10-12 aminosyrer.

Det er ribosoma i cellene som produserer peptid på bakgrunn av mRNA som er transkribert frå DNA i cellekjerna. Peptida blir folda og bundne saman til protein. Når protein blir brotne ned, får ein igjen peptid.

I meltingssystemet blir peptid danna av at enzym spaltar proteina i maten. Ein enzymdefekt, det vil seia at eit av meltingsenzyma manglar eller ikkje fungerer, kan føra til at ein ikkje kan bryta ned visse peptid. Desse kan skada tarmen, som ved cøliaki, eller blir tekne opp i blodet og skapa diverse problem. Desse tilstandane blir kalla matintoleranse, i motsetnad til allergi, som er et immunologisk fenomen. Peptid frå kasein i mjølk og gluten i kveite er kjende for å forverra symptoma ved psykiske lidingar som autisme og ADHD.