Per-Kristian Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Per-Kristian Foss
none  Per-Kristian Foss i september 2009Foto: Hans A. Rosbach
Per-Kristian Foss i september 2009
Foto: Hans A. Rosbach
Fødd 19. juli 1950
Oslo
Parti Høgre
1. verv 1. nestleiar i Høgre
 - periode 9. mai 2004–27. april 2008
 - føregjengar Erna Solberg
 - etterfylgjar Jan Tore Sanner
2. verv 2. nestleiar i Høgre
 - periode 5. mai 2002–9. mai 2004
 - føregjengar Anne Berit Andersen
 - etterfylgjar Jan Tore Sanner
3. verv Norsk finansminister
 - periode 19. oktober 2001–17. oktober 2005
 - regjering Bondevik II
 - føregjengar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
 - etterfylgjar Kristin Halvorsen
4. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1. oktober 1981–30. september 2013
 - valkrins Oslo
5. verv Unge Høgre-leiar
 - periode 1973–1977
 - føregjengar Jan Petersen
 - etterfylgjar Kaci Kullmann Five
Ektefelle Jan Erik Knarbakk
Wikimedia Commons: Per-Kristian Foss

Per-Kristian Foss (fødd 19. juli 1950) i Oslo er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore leiar for Unge Høgre 1973-1977, vore statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) 2001-2005, og har site på Stortinget samanhengande frå 1981 til 2013.

I perioden 2014–2018 er han riksrevisor.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Foss har examen artium frå 1969, og er utdanna cand.mag. frå 1977 med faga statsvitskap, offentleg rett og kriminologi. Han dreiv journalistpraksis i 1971-1973, og var i perioden 1980-1981 konsulent i Norsk Rederiforbund. Han har elles vore fulltids politikar heile sitt vaksne liv.

Partiverv[endre | endre wikiteksten]

Per-Kristian Foss kom med i sentralstyret i Unge Høgre i perioden 1971-1973, og var leiar for Unge Høgre i perioden 1973-1977. Han var dermed også med i Høgre sitt sentralstyre 1973-1977, der han heldt fram i åra fram til 1986, frå 1978 også som medlem av arbeidsutvalet. Han var formann i Høgre sin programkomité 1983-1985, 2. nestleiar Oslo Høgre 1988-1992, og leiar for Oslo Høgre 2000-2004. Han var 2. nestleiar i Høgre 2002-2004, og 1. nestleiar 2004-2008.

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Per-Kristian Foss møtte som vararepresentant allereie i stortingsperioden 1977-1981, og har møtt fast som stortingsrepresentant for Oslo på alle Storting frå 1981. Han var medlem i Presidentskapen for perioden 2009-2013, som andre visepresident i Stortinget.

Medlemskap i stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • 1981-85: Medlem, Energi- og industrikomiteen, 21.10.1981 - 30.09.1985
  • 1985-89: Sekretær, Energi- og industrikomiteen, 23.10.1985 - 30.09.1989
  • 1981-89: Varamedlem, Valkomiteen, 09.10.1985 - 30.09.1989
  • 1989-93: Leiar, Finanskomiteen, 23.10.1989 - 30.09.1993
  • 1993-97: Sekretær, Finanskomiteen, 21.10.1993 - 30.09.1997
  • 1993-97: Varamedlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1993 - 30.09.1997
  • 1993-97: Medlem, Valkomiteen, 11.10.1993 - 30.09.1997
  • 1997-2001: Medlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1997 - 30.09.2001
  • 1997-2001: Medlem, Finanskomiteen, 21.10.1997 - 30.09.2001
  • 1997-2001: Medlem, Valkomiteen, 08.10.1997 - 30.09.2001
  • 2001-2005: Medlem, Valkomiteen, 09.10.2001 - 19.10.2001
  • 2005-2009: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 19.10.2005 - 30.09.2009
  • 2009-2013: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 20.10.2009 - 30.09.2013

Medlemskap i gruppestyre[endre | endre wikiteksten]

Per-Kristian Foss har sidan 1989 vore medlem i gruppestyret til Høgre si stortingsgruppe, med unntak av dei 4 åra han var statsråd, 2001-2005. I periodane 1993-1997 og 1997-2001 var han nestleiar i gruppestyret.

Medlemskap i regjering[endre | endre wikiteksten]

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vart han Kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]