Per Almaas
| Per Almaas | |||
| | |||
| Fødd | 8. mars 1898 Selbu kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 25. juli 1991 (93 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, skuleleiar, skuledirektør, lærar | ||
| Utdanna ved | Levanger lærerhøgskole Den allmennvitenskapelige høgskole | ||
| Alle verv |
| ||
Per Almaas (8. mars 1898–25. juli 1991) var ein norsk skulemann og politikar frå Selbu i Nord-Trøndelag. Han var 1950-53 stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag og Arbeidarpartiet. Han var også ordførar i Strinda kommune 1938–1940 og 1945–1955, fylkesordførar i Sør-Trøndelag 1945–47 og skuledirektør 1954–1968.[1][2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Almaas var utdanna ved Levanger lærarskule, der han tok eksamen i 1918. Han var tilsett ved fleire skular, lengst ved Strinda folkeskole 1921-45.[3] Frå 1928 til 1940 var han medlem i Strinda kommunestyre, dei siste tre åra var han ordførar i kommunen. Han vart avsett frå ombodet, og vart krigsåra arrestert to gongar. Begge gongane sat han i Falstad fangeleir. År 1942 gjekk han handelsskule. I 1944 flykta han over til Sverige. I 1945 fekk han tilbake ordførar-ombodet og var ordførar i Strinda til 1955.[4][5] 1945-47 var han også leiar av fylkestinget i Sør-Trøndelag.
Almås var skuleinspektør i Strinda kommune 1945-53, skuledirektør i Nidaros (Trøndelags-fylka) 1954–63 og skuledirektør i Sør-Trøndelag 1963–68.[6][7] Hausten 1949 vart han vald inn i Stortinget som ein av tre frå Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag. På tinget var han medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Han var med i Arbeidarpartiet sitt skuleutval, eit utval som la grunnlaget for den niårige grunnskulen.[8] I 1969 ble han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull.[1]
Almås hadde mange verv, mellom anna var han formann i Overstyret for Fjæremfossen kommunale kraftselskap 1952–63 og styremedlem i Trondheim elektrisitetsverk 1964–68.[1][9]
I 1969 vart han tildelt Kongens fortenstemedalje i gull.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «Per Almaas». Stortinget.no.
- ↑ Hvem er hvem?. Aschehoug. 1968. s. 15.
- ↑ Norske skolefolk. Dreyer. 1952. s. 149.
- ↑ Strinda bygdebok. 3. Bygdebokkomitéen. 1948. s. 268.
- ↑ Strinda bygdebok. 4 : - og bygda ble by : Strindas historie 1945-1963. F. Bruns bokhandels forlag. 1971. s. 123-124.
- ↑ Skoledirektørene i Norge. [Skoledirektøren i Vest-Agder]. 1992. s. 45. ISBN 8299263506.
- ↑ Mediås, Odd Asbjørn (1996). Skoledirektørembetet i Norge : 1860-1992. Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. s. 628. ISBN 8299294231.
- ↑ Sirevåg, Tønnes (1992). Skolen - ein arv til å bere. [s.n]. s. 36.
- ↑ Lysholm, Einar (1978). Sør-Trøndelag arbeiderparti 75 år. partiet. s. 108-113.
- Denne artikkelen bygger på «Per Almaas» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2025.