Per Asplin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Asplin

Fødd10. august 1928
FødestadTønsberg
Død9. oktober 1996 (68 år)
DødsstadOslo
FødenamnPer Wilhelm Asplin
Aktive år1942–1996
Verka somskodespelar, songar, komponist, pianist, plateartist, jazzmusikar
BornCaroline Waters, Geir Even Asplin

Per Wilhelm Asplin (10. august 19289. oktober 1996) var ein norsk skodespelar, revyartist og songar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Per Asplin var fødd i Tønsberg som son av Thordis (fødd Olsen) og Konrad Asplin, som var hovudbokhaldar i Tønsberg sparebank.[1] Asplin-familien hadde i eit par generasjonar vore med i fråhaldslosjen i byen.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Per Asplin platedebuterte som soloartist med 78-plata «Min gutt»/«Lathans» på HMV i 1952. Seinare same året spelte han inn «Abu-cabu-co»/«Swing it, Metronom» og dessutan «Holme-Holmestrand»/«Ditt og datt og dott» for Columbia. Asplin debuterte på scena i 1954 på Chat Noir i revyen «Kjør Storgata». Han var den fyrste til å spela Tony i West Side Story i Noreg på Det Norske Teatret i 1965. I 1963 deltok han i den norske, og i 1970 i den danske, oppsetninga av musikalen Fantasticks.

Per Asplin var med i den norske vokalgruppa The Monn Keys på 1950- og 1960-talet. I tilleg til Asplin var òg Sølvi Wang, Arne Bendiksen, Oddvar Sanne, Fredrik Conradi og Nora Brockstedt medlemmer i gruppa i ulike periodar. Egil Monn-Iversen var musikalsk leiar.

I 1959 hadde Asplin ein stor slager med «Ein glad calypso om våren» (melodi Olle Adolphson, norsk tekst Alf Prøysen) for Triola.

Per Asplin er kjend for filmrollene sine. I 1956 spelte han inn «Ain't Misbehavin'»/«School Days» for RCA Victor, og han framførte òg desse songane i filmen Gylne ungdom. Han deltok i Melodi Grand Prix fem gongar på 1960-talet, høvesvis 1961, 1962, 1965, 1967 og 1968. For ettertida er han kanskje best kjend for Putti Plutti Pott og julenissens skjegg, ei musikalsk familieframsyning som han skrev både melodiar og tekstar til, og som framleis blir sett opp fleire stader i landet før jul kvart år.

Per Asplin gifta seg 3. april 1954 med Unn Saxlund, dotter av høgsterettsadvokat Alf Eivind Saxlund. Dei fekk fire ungar, mellom dei songaren Caroline Waters (fødd 1966). Asplin budde mellom anna i Villa Grimelundsbakken på Grimelund i Oslo.[3]

Deltakingar i Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

År Tittel MGP
1961 «S'il vous plaît» 3.
1961 «Sommer i Palma»* 1.
1962 «En gylden Buddha» 3.
1962 «Casablanca» 2.
1965 «Jenteord» 4.
1965 «Jeg har en øy» 5.
1967 «Veslefrikk» 4.
1968 «Ingenmannsland» 5.
  • * Nora Brockstedt framførte «Sommer i Palma» i den internasjonale finalen, der han kom på ein sjuandeplass.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Julekos (1960)
  • Gøy med Per Asplin (1961)
  • Hei – alle barn! (1963)
  • En gla' gutt med en gla' calypso (1963)
  • Go-Go Around the World (1966)
  • Alle tiders barneplate (1967) med Arne Bendiksen
  • Putti plutti pott og julenissens skjegg (1969)
  • Sommer i Tønsberg (1972)
  • Jeg fant, jeg fant (1975)
  • Folk og røvere i Kardemomme by (album) (1977)
  • Reisen til Amerika (1984)
  • Hei – alle barn, Gøy med Per Asplin (1994)

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1979: Jul i skomakergata (NRK) … politimester Klinke
  • 1975: Tut og kjørpianisten
  • 1968: Festival i Venedig (NRK) … Tom Wilson, journalist
  • 1965: Hjelp – vi får leilighet!Lasse
  • 1964: BlåjackorBob
  • 1964: Operasjon sjøsprøytErik Langseth, filolog og gast
  • 1963: Et døgn uten løgnSteen Poulsen (komponerte også musikken til denne danske filmen)
  • 1962: Operasjon Løvsprett … Lars Uppengen, gårdbruker
  • 1956: Gylne ungdom
  • 1954: Portrettetmann i Solsund sangkor (The Monn Keys)
  • 1953: Brudebuketten
  • 1952: Det kunne vært deg … syngende mann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Baggethun, Rolf (1972). Tønsbergs sparebank 1947–1972. Et supplement til 100 års beretningen. s. 50. 
  2. Hauge, Mauritz (1930). I.O.G.T. Losje "Aftenstjernen" nr. 29, Tønsberg, gjennem 50 år. 
  3. «Villa Grimelundsbakken». Arkivert frå originalen 5. desember 2014. Henta 30. november 2014.