Per Aunet
Per Aunet | |||
Fødd | 19. april 1940 (84 år) Stjørdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar, friidrettsutøvar | ||
Institusjonar | Høgskolen i Nord-Trøndelag | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bergen Universitetet i Trondheim Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alle verv |
|
Per Aunet (fødd 19. april 1940) er ein norsk lektor og politikar frå Stjørdal som representerte Sosialistisk Venstreparti i Stortinget 1989-93.
Aunet utdanna 1958-61 seg ved reallinjen på Steinkjer offentlige landsgymnas. Deretter studerte han matematikk, kjemi og biologi ved Universitetet i Trondheim. Etter militærteneste ved Værnes flystasjon , var han 1966-68 adjunkt ved Tingvoll gymnas og statsrealskole.
Aunet var aktiv friidrettsutøvar på nasjonalt nivå. Han sikra seg sølvmedaljen i 400 meter hekk under noregsmeisterskapen i så vel 1962 som 1968, fyrst som medlem Idrettslaget Stjørdals-Blink, sidan Tingvoll Idrettslag.
Åra 1968-71 arbeidde og studerte Aunet ved Universitetet i Bergen, der han vart cand.real. i zoologi og histokjemi. Frå 1971 til 1989 var han lektor ved Levanger lærerhøgskole. Dei neste fire åra var han stortingsrepresentant frå Nord-Trøndelag. I Stortinget var han medlem i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Aunet gjekk så i 1993 tilbake til Høgskolen i Nord-Trøndelag, og var lektor til han gjekk av for aldersgrensa i 2007.
Aunet var medlem av Levanger kommunestyre 1976–83, 1988–89 og 1995–99. 1987–89, medlem av Sosialistisk Venstreparti sitt landsstyre 1987–89, 1995-97 nestleiar i Norges Naturvernforbund.