Per Bjørang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Bjørang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1948 (76 år)
Lillehammer kommune
Yrke skøyteløpar
Høgd 187 centimeter

Per Andris Bjørang (fødd 31. januar 1948) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Lillehammer som vart verdsmeister i sprint i Innsbruck i 1974, og noregsmeister i sprint same sesongen. Han var medlem i Lillehammer Skøiteklubb og seinare Oslo Idrettslag.

Bjørang tok steget opp i noregseliten i OL-sesongen 1972. Helga før jul 1971 vart han norsk sprintmeister på Hamar framfor Roar Grønvold. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo kom han på fjerdeplass på 500 meter, og han vart sjuandemann ved sprint-VM 1972 i Eskilstuna. Året etter enda han på femteplass i sprint-VM i Oslo.

Vinteren 1974 vann Bjørang ein knipen siger då sprint-NM fann stad i Trondheim, Ole Christian Iversen var hakk i hæl då meisterskapen var over. Den 17. februar 1974 vart Bjørang kåra til verdsmeister i sprint 1974 i Innsbruck, med romsleg sigersmargin til japanske Masaki Suzuki på andreplass.

Bjørang sette ny norsk rekord på 500 meter i 1974 med 39,02 sekundar, to år seinare forbetra han gjeldande noregsrekord til 38,65. Han la opp på topplan i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]