Per Brandtzæg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Brandtzæg
Fødd9. juni 1936
Død11. september 2016
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, lege
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Per Brandtzæg (9. juni 193611. september 2016)[1] var ein norsk professor i medisin, oppvaksen på ØrskogSunnmøre. Brandtzæg var tilknytt Institutt for patologi, Universitetet i Oslo, og Rikshospitalet. Brandtzæg avla i 1970 dr.philos.-grada ved Universitetet i Oslo med avhandlinga Human secretory immunoglobulins. Han har særleg vigt seg til forsking på infeksjonsforsvar og immunpatologi.

Han arbeidde for at Torgersen-saka skulle opp på ny i rettsvesenet. Han meinte at det ikkje fantes tekniske prov for at Fredrik Fasting Torgersen var skuldig i drap.[2]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Brandtzæg er tildelt ei rekkje utmerkingar for verksemda si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]