Per Fett
Per Fett | |
Fødd | 10. november 1909 |
---|---|
Død | 20. mars 1996 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | arkeolog |
Ektefelle | Eva Fett |
Barn | Tryggve Fett |
Per Fett (10. november 1909–20. mars 1966) var ein norsk arkeolog og konservator, frå Oslo.
Per Fett tok magistergraden i 1934, og var heile sitt yrkesaktive liv tilsett ved Bergen Museum. Han forska mykje på helleristningar og jarnaldermateriale, men er best kjend for det store arbeidet han la ned i å registrere dei vestnorske fornminna, som kravde at han reiste ikring og fann fram til kvart einskild fornminne. Forminna vart stadfesta og skildra i dei prenta hefta Førhistoriske minne på Vestlandet, digitalisert i det såkalla Dokumentasjonsprosjektet[1]. Til saman vart det 80 hefte, eit for kvart prestegjeld i Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre, som var Bergen Museums geografiske ansvarsområde.
Per Fett var son av tidlegare riksantikvar Harry Fett, og far til Tryggve Fett[2] , seniorrådgjevar ved Bymuseet i Bergen.
Per Fett var gift med arkeologen Eva Fett.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Per Fetts serie "Førhistoriske minne på Vestlandet Søkbar database
- ↑ Sjå artikkel om Tryggve Fett i Bergens Tidende 12. juli 1993
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Interview: Eva og Per Fett av Knut Andreas Bergsvik (PDF 1988)