Per Fugelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Fugelli
Per Fugelli.jpg
Fødd 7. desember 1943
Jæren
Død

13. september 2017
Jæren

Yrke professor, lege, professor, professor emeritus, forskar
Per Fugelli på Commons

Per Fugelli (7. desember 194313. september 2017) var sidan 1992 professor i sosialmedisin ved Universitetet i Oslo. Han var òg professor i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen i tida 1984-1992, i tillegg til distriktslækjar i Værøy og Røst i tre år og i Porsanger i tre år. Fugelli var fødd i Stavanger og tok grada cand.med. i 1969, og Dr.med. i 1978.

Han var også kjend som ein ivrig samfunnsdebattant og tok sidan tidleg på 90-talet del i ei rekkje debattprogram, både på TV og i radio. Fugelli var med i styringsgruppa i Verdikommisjonen.

I eigenpresentasjonen på Universitetet sine nettsider står: «Både i forskning og undervisning er han opptatt av hvordan fordeling av makt og goder i samfunnet påvirker menneskenes helse. Det dreier seg ikke bare om makt og goder i økonomisk forstand, men også om fordeling av verdier som trygghet, frihet og verdighet.»

Fugelli markerte seg mellom anna som motstandar av den nye røykelova og argumenterte for at anti-røyke-kampanjane gjer røykarane sin kvardag sur. Han var krass mot dei som vil styre folk si helse, og kritiserte fleire gongar tidlegare statsråd Dagfinn Høybråten. Han sa at «kristne moralister og ortodokse sosialister har til alle tider villet bestemme over folk. Nå har disse kreftene forkledd seg i hvite frakker. Formynderstaten har gjemt seg bak helsens edle motiver. Og det er dette jeg advarer mot, mot å la seg forføre og forlede». Han kritiserte òg tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland for hennar utfall mot røyking.

Sidan 1975 gav han ut eller var medforfattar i nesten 50 bøker. Han er far til forfattaren Aksel Fugelli, og skreiv boka Fribrev (1992) saman med han.

Fugelli fekk Karl Evangs pris i 2010. I 2013 vart han tildelt Fritt Ords Pris « for å ha gitt en stemme til kreftsyke og de som står ansikt til ansikt med døden.»[1]

Nokre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Doktor på Værøy og Røst ; Lege på Utrøst, (1977). Ny utgave 2006: ISBN 82-8104-045-9
  • Rød resept. Essays om perfeksjon, prestasjon og helse. Oslo: Tano, 1999.
  • 0-visjonen. Essays om helse og frihet. Oslo: Universitetsforlaget, 2003.
  • Nokpunktet : essays om helse og verdighet, Universitetsforlaget (2008) ISBN 978-82-15-01347-3
  • Helse på norsk : god helse slik folk ser det, Gyldendal (2009) ISBN 978-82-417-1125-1
  • Døden, skal vi danse?, Universitetsforlaget (2010) ISBN 978-82-15-00907-0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fritt Ords Pris for 2013 går til Per Fugelli», www.frittord.no, henta 15. januar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]