Per Fuglum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Fuglum
Fødd7. januar 1924
Død13. juni 2008
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, biograf
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Per Fuglum (7. januar 192413. juni 2008) var ein norsk historikar. Han skreiv både generell noregshistorie og politiske monografiar, men er særleg kjent for arbeida sine om fråhaldsrørsla.

Fuglum var fødd og voks opp i Oslo, der han òg tok utdanninga si. I 1957 tok han doktorgraden på avhandlinga Ole Richter: Ungdom og stortingvirke. Frå 1961 til 1973 var han tilsett ved Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. I 1973 fekk han stilling som professor i historie ved Universitetet i Trondheim. Han hadde stillinga til 1993,[1] og budde i Trondheim livet ut.

Fuglum var medredaktør i Historisk tidsskrift frå 1965 til 1971.[1]

Per Fuglum gav ut verk som Ole Richter. Statsministeren (1964) og Norge i støpeskjeen, 1884–1919 (bind 12 i Cappelens Norges historie, 1978) og En skute – en skipper: Gunnar Knudsen som statsminister 1908–10 og 1913–20 (1989). Han var aktiv i fråhaldsrørsla, og skreiv Kampen om alkoholen i Norge 1816–1904 (1972) og jubileumsskriftet til Det norske totalavholdsselskap, 125 år for alles vel, 1984.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Per Fuglum». Store norske leksikon (på norsk). 29. mars 2017. 
  • Supphellen, Steinar: Nekrolog i Aftenposten, 18. juni 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]