Per H. Indrehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per H. Indrehus
Fødd6. juni 1937
Død21. juli 2004 (67 år)
Verka somkomponist

Per Haldor Indrehus (fødd 6. juni 1937 på øya Hovden utanfor Florø, død 21. juli 2004) var ein norsk musikar, komponist og arrangør.

Heilt sidan barndommen var han aktiv i ulike musikkmiljø, og han byrja tidleg å spela piano. Han var utdanna som faglærar i musikk, først ved musikklina på Bergen Lærerhøgskole med eksamen i 1961, og sidan vart det eksamen i musikk mellomfag ved Universitetet i Oslo i 1972 og hovudfagseksamen i musikkpedagogikk ved Bergen Lærerhøgskole i 1983. I åra 1961–64 var han tilsett som musikklærar ved Rothaugen skole i Bergen. Frå 1964 hadde han stilling som lærar ved Voss Folkehøgskule, der han gjennom ein 30-årsperiode bygde opp og leidde musikklina, berre avbroten av kortare permisjonar (studiepermisjonar, konsertturnéar i inn- og utland, anna prosjektverksemd, komposisjonsoppdrag med meir). Samstundes busette han seg på Haga på BulkenVoss.

I åra 1977–1994 førelas han fast på kursa ved Ole Bull Akademiet på Voss, i hovudsak innan emnet Bruk av norsk folkemusikk i vår tid. Ein periode underviste han også ved Stord Lærarhøgskule. Frå 1992 var Per H. Indrehus knytt til Voss Gymnas, først som timelærar ved musikklina, frå 1994 i fast heil stilling som lektor. Frå 1998 og fram til 2004 hadde han redusert stilling der, samstundes som han var tilsett av Hordaland fylkeskommune i fri stilling med oppgåve å komponera og arrangera musikk til ulike høve. Per H. Indrehus døydde på Voss 21. juli 2004.

Gjennom nesten 40 år som komponist, arrangør, utøvande musikar og pedagog sette Per H. Indrehus tydelege spor etter seg både lokalt og nasjonalt. Han var oppteken av og er særleg kjend for evna si til å kryssa tradisjonelle skilleliner, og drivkrafta hans var at musikken er eit språk som er sams for alle. Såleis skapte han forståing for éin musikkarv på tvers av grenser og kulturar. Han var heile tida opptatt av at musikken skulle røre ved tilhøyrarane, og vare melodilinjer og klangar er typiske for stilen hans. Han hadde ein omfatande produksjon, og gjennom åra heldt han mange konsertar. Som pedagog var han svært avhalden, og han var mykje nytta som instruktør på ulike kurs og seminar, og då særleg i korsamanheng.

Per H. Indrehus fekk fleire prisar for arbeidet sitt, mellom anna Sparebankenes initiativpris, Trygve Hoffs minnepris og Voss kommune sin kulturpris. Tidleg på 1980-talet gav han ut LP-en Tid å hausta inn, og seinare har det kome fleire CD-ar med hans musikk og arrangement. Han var mykje nytta i radio-, TV- og film-produksjonar, og i 1988 viste NRK eit eige fjernsynsportrett av Per H. Indrehus – Viser langs vegen – med eit tverrsnitt av produksjonen hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]