Hopp til innhald

Per Ivarson Undi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Ivarson Undi
Fødd1803
Død

28. juli 1860 (56 år)

Per Ivarson Undi (180328. juli 1860) var ein tidleg norsk-amerikanar i Wisconsin, og vert sett på som den fyrste emigranten frå Sogn og Fjordane.[1]

Per Ivarson Undi vart fødd på garden Undi i Vik i Sogn og Fjordane. Han var ein av dei 8 borna til Iver Pedersen (1762-1837) frå garden Gullbrå i Vik og Inger Akseldtr (1775-1838) frå garden Skjervheim i Myrkdalen. Per Ivarson Undi gifta seg med Anna Davidsdatter frå garden Skjervheimm i Myrkdalen, og saman med sine born vart dei dei første emigrantane til USA frå Sogn og Fjordane i 1839. Undi var nok påverka av sin svoger, Peder Davidsen Skjervheim, som hadde emigrert frå Hardanger i 1837, og av Ole Rynning si bok frå 1838, Sandfærdig Beretning om Amerika.[2]

Familien reiste frå Bergen med skipet Magdalena Christina i 1839 og var framme i New York 6. juli, 1839.[3] Familien Undi slo seg ned i landsbyen Wayne i Wisconsin.[4][5]

Per Ivarson Undi har vorte anerkjend som ein føregangsmann både av norske og amerikanske historikarar. Utvandringa hans frå Vik spelte ei viktig rolle for mange nordmenn, ikkje minst i Vik og Voss. Han skreiv ofte brev til vener og familie, og mange fylgde etter han til Wisconsin, blant anna fleire av søskena: Ragnilda, Erik, Ole og Axel Iverson.[6]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. The Early Emigration from Sogn og Fjordane (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane), henta 2013-03-11{{citation}}: CS1 maint: deprecated archival service (link)
  2. A Comprehensive Statement about the Emigration to America from Vik in Sogn. (Rasmus Sunde, translated by C. A. Clausen. Sogndal, Norway: Sogn og Fjordane University, 1983), arkivert frå originalen 2012-02-16, henta 2013-03-11 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  3. Skonnerbriggen 'Magdalene Christine' Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  4. Passenger list 1839 - schooner Magdalena Christina (Norway-Heritage)
  5. Vik i Sogn through the centuries (Vik i Sogn, Norway)
  6. Sociological Theories and the Great Emigration (Lindsay Lowell, Norwegian-American Historical Association. Volume 32: Page 53)

Adre kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  • Flom, George T. A History of Norwegian Immigration to the United States. (Iowa City, Iowa.: Priv. Print, 1909)
  • Holand, Hjalmar Rued. History of the Norwegian Settlements (Decorah, Iowa: Astri My Astri Publishing. 2006)
  • Naeseth, Gerhard B. Norwegian Immigrants to the United States, A Biographical Directory, 1825-1850. 2 vols. (Madison, WI: Vesterheim Norwegian-American Museum, 1997)
  • Ulvestad, Martin. Nordmændene i Amerika, deres Historie og Rekord (The Norwegians in America, their History and Record). 2 vols. (translated by C. A. Clausen. Minneapolis, Minn: History Book Company's Forlag, 1907)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]