Per Jakobsson Bjørkedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Jakobsson Bjørkedal
Fødd 1. april 1744
Død

12. september 1817 (73 år)

Yrke lege

Per Jakobsson Bjørkedal (1. april 174412. september 1817) var ein gardbrukar og båtbyggjar frå Volda. Han var far til Jakob Persson Bjørkedal. Rasmus Jakobsson Vassbotn var bror hans, og Sjur Hansson Halkjelsvik ein dotterson.

Bjørkedal var gardbrukar på farsgarden i Søre-Bjørkedal i Volda. Han var elles båtbyggjar, og skal etter eigne opprekningar ha bygt 438 små og store båtar i perioden 1766-1817. Dessutan verka han som bygdelækjar, «og vart vide kjend for doktereringa si. Som bygdedokter vart han søkt heilt frå Sunnfjord i sør til Romsdal i nord».[1] Ei bok med lækjeråder finst etter han. Han tok til å føre den såkalla Jakobsboka, ei minne- og dagbok som i mangt minner om det «Tids-Register» som broren Rasmus skreiv.

Noatar[endre | endre wikiteksten]

  1. Myndige møringar 1740-1870: side 93

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jostein Nerbøvik: Myndige møringar 1740-1870. Volda 2004. s.93
  • Busetnadssoga for Volda. Band 2. Volda 2006