Per Kartvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Kartvedt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. november 1940
Død

14. januar 2017 (76 år)

Yrke arkitekt
Per Kartvedt på Commons

Per Kartvedt (8. november 194014. januar 2017) var ein norsk arkitekt som var best kjend som teoretikar, og som lærar og mentor for arkitektar og arkitektstudentar i Noreg og utlandet.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Kartvedt hadde utdanninga si frå Arkitektavdelinga ved NTH. Der var han ein av arkitektstudentane i det første årskurset som følgde professor Arne Korsmo si grunnutdanning. Kartvedt vart uteksaminert i 1962, berre 21 år gammal, med den eksperimentelle diplomoppgåva Ideforslag til plan for et bysamfunn med 180000–200000 innbyggere ved Institutt for by- og regionplanlegging.[a]

«3D-plan» av senterområdet. Frå Kartvedts diplomoppgåve (1962)

Etter avslutta studium vart han tilsett som høgskulestipendiat knytt til dette instituttet i perioden 1963–1966. I 1966 vart han tilsett som instituttarkitekt ved Institutt for BK II, og fram til 1968 var han utdanningsstipendiat og ein av Arne Korsmo sine nære medarbeidarar. Ei av Kartvedt sine oppgåver ved instituttet var å halda seg orientert om kva som skjedde på den internasjonale arkitekturarenaen, gjennom tidsskrift og annan litteratur, og deltaking på konferansar. Han knytte kontaktar med arkitektar i fleire land, særskilt England, og fekk dei til NTH som gjesteførelesarazr og -lærarar.

I 1968 vart Kartvedt invitert til å førelesa ved Architectural Association School of Architecture (AA) i London, og i perioden 1969–1970 leia han kurs ved skulen.[1]

Konkurransar

Kartvedt deltok i fleire konkurransar, og vart premiert i nokre av dei:

  • 1966: Studentby på Steinan (andrepremie). Prosjektet vart utarbeidd saman med fleire arkitektstudentar[2]
  • 1967/1968: NTH, Arkitektavdelinga, nybygg (førstepremie). Prosjektet vart utarbeidd saman med fleire arkitektstudentar og -lærarar.[3]
  • 1974: Studentby, Moholt III, kurs- og administrasjonssenter.[3]
  • 1982: Idékonkurranse om Vaterland og Grønlands torg (Kartvedt deltok i eit arkitektteam frå Platou Arkitekter A/S).[4]
  • 1985/1986: Idékonkurranse om Christiania Torv (Kartvedt var prosjektansvarleg for Platou Arkitekter A/S).[5]
  • 2000: Nytt operahus i Oslo.[6]
Byen i mennesket

Oslo Arkitektforening (OAF) arrangerte i 1968 arkitekturutstillinga Byen i mennesket i Kunstnernes Hus i Oslo. Per Kartvedt var kurator for utstillinga, saman med kollegaen Terje Moe. Dei brukte multimedia, store røyrinstallasjonar og andre eksperimentelle utstillingsteknikkar. Den engelske arkitektgruppa Archigram var òg involvert i utstillinga, som vart ein stor publikumssuksess. Ho vart òg mykje omtalt i pressa. Før opninga var omtala stort sett positiv, men seinare vart utstillinga kritisert, òg av arkitektane i landet. I 2010 vart utstillinga henta fram igjen, under OAF sitt arrangement Gjensyn med Byen i Mennesket.[7]

Slik er våre byer blitt til

I perioden 1972–1976 var han engasjert som lærar ved Arkitektavdelinga, NTH på deltid. Han hadde ein generell førelesnings- og seminarserie om utviklinga av moderne arkitektur, byutvikling og byforming. Denne kom seinare til å danna grunnlaget for TV-serien Slik er våre byer blitt til. Denne serien gjekk på NRK Fjernsynet fem sundagar hausten 1975. Kartvedt laga den i samarbeid med Eva Brustad frå NRK. Serien vakte store reaksjonar, og vart skulda for å vera «venstrevridd». Det var spesielt kommentarane til forteljarstemmen som førte til protestar. Kartvedt hadde sjølv voiceover i dei fem programma.

St. Olavs domkyrkje i Trondheim[endre | endre wikiteksten]

St. Olavs domkyrkje, Trondheim (1973–2014)

Som arkitekt hos F.S. Platou arbeidde Kartvedt i slutten av 1970-åra med prosjekt i Oslo, St. Petersburg, Budapest og Sofia, men hans mest kjende verk var den minimalistiske St. Olavs domkyrkje i Trondheim, som han teikna saman med Petter Holm og Bernard Witte fleire år tidlegare.[8] Ifølgje Kartvedt var det arkitekten Bodvar Schjelderup som opphavleg fekk oppdraget med å teikna kyrkja, men han gav det frå seg då han flytte frå byen.

Kyrkja stod ferdig i 1973, og var sterkt omdiskutert, blant arkitektar og andre, både på grunn av det arkitektonisk brutalistiske uttrykket, og på grunn av bygningstekniske manglar, som manglande isolasjon i fasadane av glasbyggestein. Etterkvart vart kyrkja òg for lita, og i 2014 vart den rive for å gje plass for ei ny, større teglkyrkje.

Slide city

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tilsvarar Master i arkitektur

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grønvold, Ulf (1983). «Norsk strukturalisme». Byggekunst (2): 60–63. (1983)
  2. Norske arkitektkonkurranser, 1967 nr. 130
  3. 3,0 3,1 Norske arkitektkonkurranser, 1968 nr. 149
  4. Norske arkitektkonkurranser, 1982 nr. 246
  5. Norske arkitektkonkurranser, 1986 nr. 268
  6. Norske arkitektkonkurranser, 2000 nr. 356
  7. «gjensyn med BYEN I MENNESKET». Dahl og Uhre arkitekter. 8. mai 2010.  (Besøkt 20. juli 2017)
  8. «St. Olavs domkirke i Trondheim rives». Arkitektur N (5): 14. 2013. 
Prosjektplansje frå arkitektkonkurransen om nytt Trøndelag Teater i 1975 (Kartvedt, Fasting, Herron)

Bøker og artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Berre, Nina (2002). Fysiske idealer i norsk arkitektutdanning 1945–1970 (PDF). Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Institutt for arkitekturhistorie.  [Avhandling (dr. ing.)]
  • Braathen, Martin (2017). «Verdensborgeren». Arkitektnytt (2): 24–25. 
  • Berre, Nina (11. februar 2017). «Per Kartvedt». Aftenposten: 56.  (nekrolog)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]