Per Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Krohg
Fødd 18. juni 1889
Åsgårdstrand
Død

3. mars 1965
Oslo

Yrke illustratør, kunstmålar
Per Krohg på Commons

Per Lasson Krohg (18. juni 18893. mars 1965) var ein norsk biletkunstnar. Han var son til kunstnarane Oda og Christian Krohg, og var sjølv far til kunstnarane Guy Krohg og Morten Krohg.

Per Krohg var fødd i Åsgårdstrand, men familien budde under oppveksten hans i Paris. Han viste store kunstnarlege talent tidleg, og han var elev fyrst hjå far sin frå 1903 til 1907, og frå 1909 til 1910 hjå Henri Matisse. Han vart påverka av kunststraumingane i Paris, og særleg kubismen vart viktig for utviklinga av uttrykksforma hans.

Krohg har utsmykka mange offentlege bygg med store freskomåleri, mellom anna Tryggingrådet sin sal i SN-bygget i New York, vestibylen i Fysikkbygningen ved Universitetet i Oslo og Oslo rådhus.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.