Per Kviberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Kviberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. juni 1881
Borge kommune
Død

23. juni 1960 (78 år)

Yrke politikar
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti

Per Olav Kviberg (24. juni 188123. juni 1960) var ein norsk skulemann, motstandsmann og politikar for AP, NSA og NKP.

Kviberg var fødd i Borge i Østfold. Han kom flyttande til Oslo fire år gammal. Materielt sett vaks han opp i fattige kår. Ungane i familien fekk likevel utdanning. To av systrene hans vart lærarar (den eine, Marie Kviberg, var med på skipinga av Bondeungdomslaget i Oslo), og han sjølv vart uteksaminert i 1902.

Som lærer arbeidde Kviberg ved ei rekkje skolar i det dåverande Kristiania. I 1909 byrja han ved Den socialdemokratiske Aftenskole, der han to år etter vart styrar. Han var ei drivkraft ved denne skulen heilt til han i 1920 byrja som overlærer ved Lilleborg skole på Oslo austkant.

I 1908 melde han seg inn i Arbeidarpartiet, og vart AP-representant i bystyret året etter. Ved splittinga i AP i 1921 følgde Kviberg utbryterne i Noregs Socialdemokratiske Arbeidarparti, og sat som NSA-representant til partia vart samla att i 1927. Dei ti første åra i bystyret sat Kviberg òg i formannskapet.

Under krigen vart lokala på Kvibergs skule rekvirert av tyskarane til kaserne, medan Kviberg sjølv slutta seg til motstandskampen til kommunistane. Sonen hans, Kjell Kviberg, vart i løpet av krigen sentral, både i den illegale pressa og i NKP. Dei første åra nytta han og kameraten Hans Luihn loftslokala på skulen til faren til å setja opp eit løynleg trykkeri. Der produserte dei den illegale avisa Avantgarden. Per Kviberg sjølv vart til slutt arrestert, og satt dei siste månadene av krigen på Grini.

Etter krigen representerte Kviberg Noregs Kommunistiske parti i bystyret i åra 1945 til 1951.

Kviberg var ein engasjert skulemann og skulepolitikar. Han gjorde seg tidleg til talsmann for det synet at «alle barn fra fattig og rik maa samles i en eneste barneskole, hvor deres forskjellige evner og anlæg kan faa utfolde sig» og at alt skulemateriell måtte vera gratis. 

Per Kviberg døydd i Oslo. I 1976 vart ei gate på Torshov oppkalla etter den tidlegare overlæraren i strøket som Per Kvibergs gate.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Folkeskolen i Kristiania. Hvordan Høire har vanskjøttet den. Hvad Arbeiderpartiet vil (1913)
  • Kampen om Gamle Aker, en valgtale (1915)
  • Kristiania og skibsfarten. Navigationsundervisningens og Kristiania sjømandsskoles historie (1917)
  • Den social-demokratiske aftenskole. Kort 10-årsoversikt (1920)
  • Trafikkundervisningen i våre skoler (1937)
  • Innledning til Minneutstilling for Peder Cappelen Thurmann. 1839–1939 (1939)
  • Lilleborg skole gjennom 50 år, 1898–1948 (1948)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]