Per Ljostveit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Ljostveit
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. oktober 1928
Død

17. mai 1990 (61 år)

Yrke fotballspelar

Per Ljostveit (21. oktober 192817. mai 1990) var ein norsk fotballspelar som spelte på Larvik Turn som var med å vinne hovudseriefinalen i 1955 og i 1956.

Ljostveit var indreløpar på Larvik Turn sitt sterke lag midt på 1950-talet. Saman med dei andre i Turns indretrio i løparrekka, Gunnar Thoresen og Reidar Sundby, danna dei laget sin beste lagdel. Dei var mellom anna særleg avgjerande då Larvik Turn vann 3-2 over Fredrikstad FK i hovudseriefinalen 3. juni 1956, der Ljostveit skåra to av måla og vart matchvinnar. Derimot makta dei ikkje å hindre tap mot Skeid i NM-finalen 1956, på Ljostveit sin bursdag.

Frå 30. mai 1954 til 30. mai 1956 spelte Ljostveit sju landskampar for Noreg. Hans einaste landslagsmål kom då han utlikna til 1-1 mot Danmark i Malmö 4. juni 1954, ein landskamp i det svenske fotballforbundet si 50-års jubileumsturnering, eit oppgjer som elles enda med norsk siger 2-1 etter ekstraomgangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]