Per Mellesmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Mellesmo
Fødd15. september 1919
Vågå kommune
Død3. mai 1993 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Per Mellesmo (15. september 19193. mai 1993) var ein norsk gartnar og stortingsrepresentant frå Vågå i Oppland, medlem i Arbeidarpartiet.

Mellesmo, som var son til ein elektrikar, gjekk gartnarskule 1938-40. Frå 1940 til -48 arbeidde han etter tur på gartneri i Biri, i Sandnes, i Moss og i Danmark. I 1948 byrja han å drive gartneri på Vinstra, frå 1956 dreiv han også blomsterforretning same staden til 1987.

I tre etterfølgjande stortingsperiodar; 1954-57,1958-61 og 1961-65 var Mellesmo første vararepresentant for Arbeidarpartiet i Oppland. Alle desse tre periodane møtte han bolkevis på Stortinget. I tida 22.1.1955-14.5.1956 møtte han fast i staden for statsråd Olav Meisdalshagen, medlem i Protokollkomiteen. Då same Meisdalshagen døydde i november 1959 var Mellesmo fast på Opplands-benken ut valperioden, med sete i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Så var han fast representant 4.2.1963-28.8.1963 då Oskar Skogly var statsråd, medan han atter møtte fast frå 5. mai 1964, etter Gunnar Kalrasten døydde. I 1963 medlem i Protokollkomiteen, i 1964-65 i Samferdslekomiteen.

Frå 1965 til 1977 møtte Mellesmo på Stortinget utan avbrot. Han var medlem 1965-69 i Administrasjonskomiteen, 1969-73 i Industrikomiteen og 1973-77 i Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]