Per Nørgård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Nørgård
Pernorgard.jpg
Fødd 13. juli 1932
Gentofte kommune
Yrke komponist, musikkforskar, filmmusikkomponist

Per Nørgård (fødd 13. juli 1932 i Gentofte) er ein dansk komponist. Nørgård har ein stor musikalsk produksjon, og er opphavsmann til meir enn 300 forskjellige verk med samla speletid på over 90 timar. Blant verka finn ein åtte symfoniar, to fiolinkonsertar, éin pianokonsert, ei rekke korverk, samt kammermusikk. Den tredje symfonien blir rekna som eit hovudverk i dansk musikk og er derfor tatt opp i Danmarks kulturkanon[1]. Den sjette symfonien blei uroppført i 1999 like før tusenårsskiftet, medan den sjuande blei uroppført i det då nyopna DR Koncerthuset 29. januar 2009. Nørgård har i tillegg komponert fleire operaer, blant dei er Labyrinten (1963), Gilgamesh (1972) og Siddharta (1983).

Per Nørgård har mottatt Lilie Boulanger-prisen (1957), Carl Nielsen-legatet (1969, 2001), Nordisk Råds musikkpris (1974), Henrik Steffens-prisen (1988), og Léonie Sonnings musikkpris (1996). I 2006 fekk han også ein av den klassiske musikkens største prisar, Sibeliusprisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]