Per Ofstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Ofstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. november 1934 (89 år)
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1958

Per Ofstad (fødd 27. november 1934) er ein norsk sjakkspelar, fødd i Bergen, noregsmeister i sjakk i 1961.[1]

Per Ofstad vann junior-noregsmeisterskapen i sjakk to gongar, både den første gongen det var junior-NM i 1951, og i 1953. I 1952 vart han nummer 2.[2].

Per Ofstad spelte for Noreg i student-VM:[3]

  • I 1954, andre bord i det første (offiselle) student-VM i Oslo (+1, =4, -4),
  • I 1955, tredje bord i det andre student-VM i Lyon (+5, =3, -3).

Per Ofstad spelte for Noreg i sjakk-OL i München i 1958, på tredje bord, med resultatet + 6, = 5, - 4.[4]

Per Ofstad representerte Noreg saman med Svein Johannessen i soneturneringa i sjakk i Halle i 1963. Han spelte der sitt "udødelege parti", med ein vinst etter berre 19 trekk mot stormeister Wolfgang Uhlmann frå DDR.[5]

I 1998 vart Per Ofstad senior-noregsmeister (aldersklassa over 60 år).[6]

Frå 1996 til 2009 deltok Per Ofstad regelmessig i EM og VM for seniorar, og la også ned ein betydeleg organiatorisk innsats for seniorsjakken.

Frå 1998 til 2001 var Per Ofstad president i Norges Sjakkforbund.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brekke 2014 s. 295.
  2. Brekke 2014 s. 294
  3. «OlimpBase :: World Student Team Chess Championship :: Per Ofstad». www.olimpbase.org. 
  4. «OlimpBase :: Men's Chess Olympiads :: Per Ofstad». www.olimpbase.org. 
  5. https://www.chessgames.com/perl/chessgame?gid=1144211 Per Ofstad - Wolfgang Uhlmann, 1963
  6. Brekke 2014 s. 301
  7. Brekke 2014 s. 284

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]