Per Oscar Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Oscar Andersen
Per Oscar Andersen (1903 - 1969) (14407790299) (cropped).jpg
Fødd 24. januar 1903
Død

27. juni 1969

Yrke idrettsutøvar
Per Oscar Andersen på Commons

Per Oscar Andersen (24. januar 190327. juni 1969) var ein norsk friidrettsutøvar frå Oslo, der faren dreiv eit boktrykkeri. Sjølv var han i alle sine aktive år medlem av Idrettsforeningen Ørnulf.

Andersen vann sju individuelle noregsmeisterskap på bane og seks i stafett i åra frå 1924 til 1928. Han vart tildelt kongepokalen under noregsmeisterskapen 1927 etter dobbeltsigeren på 100 meter og 200 meter. I begge løpa tangerte han meisterskapsrekordane.

Andersen tangerte den norske rekorden på 100 meter på 10,7 to gongar før han i 1927 senka den til 10,5 sekundar. Tida, som vart oppnådd i ein triangellandskamp mellom Danmark, Noreg og Sverige i København, var samstundes ny nordisk rekord. I same landskampen vann Andersen 400 m på 49,3 sekundar. 10,5 vart ståande som norsk rekord i elleve år før Erik Sjøvall forbetra den med eitt tidels sekund i 1938.

På 200 meter vart Andersen den fyrste nordmann under 22 sekundar då han 18. september 1926 flytta rekorden frå 22,1 til 21,6 sekundar. Året etter tangerte han 200 meter-rekorden, fyrst i 1939 senka Haakon Tranberg den norske rekorden til 21,5. Grunna sjukdom trekte Andersen seg tilbake i 1928, og tevla aldri sidan.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1924: Bronsemedaljar på 100 m (11,8) og 200 m (23,4)
  • 1925: Bronsemedalje på 200 m - 23,4
  • 1926: Gulllmedaljar på 100 m (10,9) og 200 m (22,2)
  • 1927: Gulllmedaljar på 100 m (10,8) og 200 m (22,2) - Kongepokal

To gullmedaljar i lengde utan tilløpp og eitt gull i høgde utan tilløp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raskest, høyest, lengst i 100 år. 1986