Per Oskar Kjølaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Oskar Kjølaas
Per Oskar Kjølaas.jpg
Fødd 25. mai 1948
Kirkenes
Yrke prest, teolog
Per Oskar Kjølaas på Commons

Per Oskar Alfred Kjølaas (fødd 25. mai 1948Kirkenes) var biskop i Nord-Hålogaland bispedøme i Den norske kyrkja frå 2002 til 2014.

Kjølaas har teologisk utdanning frå Menighetsfakultetet i Oslo, og vart cand.theol. i 1974. Han har hatt undervisningsstillingar og prestestillingar, fram til han vart utnemnt til biskop av Nord-Hålogaland i 2002.

Han snakkar svært godt samisk, og han har vore ei drivkraft i arbeidet for å få Bibelen omsett til den nye nordsamiske rettskrivinga. Han har skrive boka Bibelen på samisk (Oslo, 1995), og har også omsett m.a. Luthers vesle katekisme til nordsamisk.

Kjølaas var medlem av Gjønnes-utvalet som greidde ut tilhøvet mellom kyrkja og staten i Noreg, og la fram instillinga si 31. januar 2006.


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Herborg Finnset | Nord-Hålogaland: Olav Øygard | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Ivar Braut | Sør-Hålogaland: Ann-Helen Fjeldstad Jusnes | Tunsberg: Per Arne Dahl