Hopp til innhald

Per Otto Furuseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Otto Furuseth


StatsborgarskapNoreg
Fødd14. oktober 1947 (78 år)
Idretthandball

Per Otto Furuseth (fødd 14. oktober 1947) er ein norsk tidlegare handballspelar og -trenar, samt idrettsleiar. Han vann tre seriegull og ein kongepokal som Refstad-spelar.

Furuseth var aktiv i Refstad IL frå 1965. Saman med karar som Harald Tyrdal og Ulf Magnussen bidrog han mykje til at Refstad i 1974 steig til topps 1. divisjon. 15. desember 1976 skåra han tre av måla då Refstad vann over Stavanger IF med 15-11 i NM-finalen. Få månader seinare sigra Refstad i 1. divisjon og var dermed seriemeister for andre gong. To år etter den triumfen vart Refstad og spelande trenar Furuseth seriemeister for tredje gong.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Furuseth deltok i 62 av Noregs landskampar i tida frå 16. mars 1973 til 27. november 1977. Han skåra 62 landslagsmål.

  • Seriemeister: 1974, 1977 og 1979 med Refstad IL
  • Noregsmeister: 1976 med Refstad IL

Idrettsleiar

[endre | endre wikiteksten]

Furuseth var landslagssjef for Noreg på karasida frå 1979 til 1985. Frå 1987 var han nokre sesongar trenar i Fredensborg/Ski. I byrjinga av 1990-talet fekk han jobb i leiinga av Norges Håndballforbund, generalsekretær frå 2003 til 2011.