Per Roar Bredvold
Utsjånad
| Per Roar Bredvold | |||
| | |||
| Fødd | 5. mars 1957 (69 år) Elverum kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Framstegspartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Per Roar Bredvold (fødd 5. mars 1957 i Elverum) er ein norsk politikar for Framstegspartiet frå Åsnes i Hedmark. Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 1997 og vald på nytt i 2001, 2005 og 2009.
Bredvold har befalsskule, og arbeidde i forsvaret 1976-91, på Haslemoen, Sætermoen og Vardåsen. Han er sidan sjølvstendig næringsdrivande.
Han var medlem av Åsnes kommunestyre og formannskap 1991-2003. Han var medlem av Hedmark fylkesting og fylkesutval 1991-1998.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- 1997–2001 medlem av Valkomiteen
- 2005–2009 medlem av Forsvarskomiteen
- 2005–2009 medlem av Valkomiteen
- 2005–2009 medlem av Forsvarskomiteen
- 2005–2009 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen
- 2009–2013 medlem av Næringskomiteen