Per Schei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Schei
Fødd 1875
Steinkjer
Død

1905

Yrke geolog
Per Schei (1875-1905) ved leiren på Braskerudflya på Nunavut i Canada1899, under 2. Fram-ferda leia av Otto Sverdrup.

Peder Elisæus Schei (18751905) var ein norsk geolog.

Per Schei vart fødd på Snåsa, men flytte som treåring med familien til ein gard på Sparbu. Han budde også ei tid hjå tanta i Danmark i oppveksten før han reiste til Kristiania for å studera. [1] Han avla bergeksamen ved universitetet i Kristiania i 1898. Same året la han ut med Otto Sverdrup på den 2. Fram-ferda. Eskspedisjonen, som varte i fire år, kartla øyane i Arktis nord for det Nord-Amerikanske fastlandet. Schei «gjorde der eit uvanleg godt arb. og samla eit stort vitsk. tilfang».[2] Frå 1902 var han amanuensis ved Mineralogisk institutt. Ei avhandling om funna i Arktis vart prenta i det britiske tidsskriftet Geographical Journal i 1903, etter Schei og Sverdrup i London hadde halde foredrag om ferda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fram Museum om Per Schei
  2. Norsk Allkunnebok. IX. bandet