Per Stavem
Per Stavem | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. mars 1926 Sortland kommune |
Død |
24. september 2006 (80 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Per Johan Stavem (1. mars 1926–24. september 2006) var ein lege, flygar og friidrettsutøvar frå Nordland. Han var busett i Bærum.
Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]
Yrke[endre | endre wikiteksten]
Stavem var fødd og oppvaksen i Sigerfjord i Sortland. I 1942 flykta han ut av landet til Göteborg og vidare over Færøyane til England. I England utdanna han seg til flygar ved flyskulen til Flyvåpenet. Frå oktober 1944 til 1951 var han jagarflygar i Forsvaret. Han byrja studere medisin og vart cand.med. i 1952 og dr.med i 1966. Frå 1966 til 1995 var han høvesvis assistentlege, dosent, overlege og professor ved hematologisk seksjon på Rikshospitalet. Han var spesialist i indremedisin frå 1965 og blodsjukdomar frå 1986.
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Stavem var aktiv friidrettsmann. Han deltok i sommar-OL 1948 i London, der han vart nummer elleve i tikampen med 6 151 poeng. Både i 1951 og 1952 vart han noregsmeister i kulestøyt, i 1952 også i lengde utan tilløp. I 1952 vart han nummer åtte i kulestøyt med ny norsk rekord på 16,02 meter i finalen under sommarleikane i Helsingfors. Han vart elles nummer 16 i diskoskast med 46,00 meter i dei same leikane. Stavems personlege rekord i diskoskast var 47,49 meter, sett i september 1951 på nettop den same OL-arenaen. Stavem var aktiv i veteranklassar heilt fram til han døydde.
Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- 1951: Gull i kule – 15,00 m, framom Bjarne Engen (13,98 m)
- 1952: Gull i kule – 15,06 m, framom Sverre Øverby (13,87 m), og bronse i diskos (46,11 m)
- 1956: Sølv i kule – 15,16 m, bakom Sverre Øverby (15,93 m)
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Stavem var oppteken av språk, og som pensjonist ga han ut to diktsamlingar for eigen kostnad. På 1990-talet engasjerte han seg i den såkalla Rødseth-saka, der han hevda at Therese Rødseth leid av ein sjeldan sjukdom og ikkje hadde vorte mishandla av far sin.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Per Stavem» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Per Stavem» (engelsk). Olympedia. Henta 4. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1926
- Døde i 2006
- Norske medisinprofessorar
- Norske flygarar
- Norske mangekjemparar
- Norske kulestøytarar
- Norske diskoskastarar
- Noregsmeistrar i friidrett
- Norske deltakarar under sommar-OL 1948
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948
- Norske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Folk frå Sortland
- Folk frå Bærum