Per Vassbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Vassbotn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1941 (82 år)
Stranda kommune Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist

Per Kjell Vassbotn (fødd 10. desember 1941 på Stranda) er ein norsk journalist, forfattar og tidlegare statssekretær. Han er kjend for å ha felt Regjeringa Borten som politisk journalist med ein artikkel i Dagbladet med fortruleg informasjon om EEC. Kjelda hans var Bortens presseråd Ole N. Hoemsnes. Han var og statssekretær for Arbeiderpartiet 1980-1981.[1]

Per Vassbotn vart pressekontakt i IBM Norge i 2002, og var i perioden 2004-2007 kommunikasjonsdirektør i same selskap. Han er no pensjonert.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Da Borten falt : gjensyn med regjeringens lekkasje og forlis 1971 av Per Vassbotn, Cappelen, Oslo, 1986, 201 s. ISBN 82-02-10726-1]
  • Lekkasje og forlis : om regjeringen Bortens fall av Per Vassbotn, Cappelen, Oslo, 1971, 145 s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garvik, Olav (23. november 2023). «Per Vassbotn». Store norske leksikon (på norsk).