Per Vestaby
Per Vestaby | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. august 1950 (74 år) Fornebu |
Yrke | musikar, bassgitarist, komponist |
Språk | norsk |
Medlem av | Bandet Veslefrikk |
Per Bjørn Vestaby (fødd 8. august 1950) er ein norsk bassist som i dag spelar i CC Cowboys. Han kjem opphavleg frå Fornebu i Bærum. På 1960-talet spelte han som tenåring i ulike guteband. Etter kvart byrja han å komponere songar og material sjølv, det gjorde til at han fekk gullplate.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Vestaby byrja først fast i gruppa Shuffle, som seinare skifta namn til Bazar, men berre få år etter starta han si eiga gruppe, Veslefrikk, med nokre av dei gamle medlemmane frå Bazar. Medan han spelte i Bazar, var han ein periode òg med i rockegruppa Folque. I 1983 starta han saman med Anne Grete Preus, som òg hadde vore i Veslefrikk, bandet Can Can. Seinare var han òg ein av medlemmane i Mercury Motors. Han turnerte med Jan Dahlen and the Shotgun Riders, og med Andrej Nebb i De Press (mest i Polen).
Per Vestaby har spelt på plater med Folque, deLillos, Kari Iveland, Anne Grete Preus, Einmal kommt die Liebe, Sterk Naken og Biltyvene, Magnus Grønneberg, Kåre Virud og Staffan Hellstrand. Dessutan musikk i tre filmar: Giftige løgner, Amatørane og Vektløs.
I 1993 gav han ut soloplatea 10000 Flowers and One B. Til dette fekk han hjelp frå Jørn Christensen, som han hadde spelt saman med i Mercury Motors. Fem år seinare drog Vestaby og Christensen til Danmark og Sverige for å spele inn With a Little Help From Myself. Per Vestaby spelar òg i bandet Young Neils med Lars Lillo Stenberg, Jørn Christensen og Palle Krüger. I 2003 vart Vestaby og Christensen med i CC Cowboys.
Som ein kuriositet kan nemnast at Vestaby hadde ein liten finger med i suksessfilmen Flåklypa Grand Prix, han er kreditert som kameraassistent.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
Solosinglar
- Airsick (1993)
- Will i See Her Again (1993)
- I Can't Sit Still (1998)
- On the Mountain (1998)
CC Cowboys
- 2003 Lyst
- 2006 Evig liv
- 2007 På Svalbard uten strøm
- 2009 Morgen & Kveld
- 2011 Innriss
- 2011 40 beste
Veslefrikk
- 1978 Veslefrikk
- 1980 1980
- 1981 Kameleon
- 1982 Live
- This Is (1988)
- Smash the Moon (1990)
- Abs. Garbage (1992)
- Sailors Onshore (1994)
- Humbleberry Wine (1996)
- En lek i forhold (1984)
- Europan Rainbow (1986)
- En lek i forhold/Europan Rainbow (2003)
Andre artistar
- Bazar: Det er ikke så enkelt (1972)
- Bazar: Drabantbyrock (1974)
- Kåre Virud: Vår daglige blues (1975)
- Ketil Pedersen: Og snart er det kveld (1975)
- Folque: Fredløs (1980)
- Blodige strenger (1981)
- Jan Dahlen and the Shotgun Riders: Dirty Denims and Hungry Heart (1983)
- Anne Grete Preus: Fullmåne (1988)
- deLillos: Hjernen er alene (1989)
- Sterk Naken og Biltyvene: Ingen gud ingen herre (1990)
- De Press: Bolszoj Trio (1991)
- Einmal Kommt Die Liebe: Skjebnen er ugrei (1991)
- Sonet tør der andre tviler - Sonet '93 - Tolv måneder for full musikk (1993)
- deLillos: Neste sommer (1993)
- deLillos: Mere (1994)
- Gramophones: The Last Dreamer (1997)
- Andrej Nebb: Kvite fuglar (2000)
- Magnus Grønneberg: Wildenwey (2001)
- Kari Iveland: Vektløs (2002)
- Cowboy & Indianer Sessions Vol. 1 (2007)
- Leieboerne: Følg oss hjem, Ole Paus (2007)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Per Vestaby» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2013.