Per Vidar Kjølmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Vidar Kjølmoen
Fødd3. mai 1973 (49 år)
Inderøy
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
MorKarin Kjølmoen

Per Vidar Kjølmoen (fødd 3. mai 1973) er ein politikar frå Inderøy som er medlem i Arbeidarpartiet, sidan 2021 stortingsrepresentant for Møre og Romsdal.

Kjølmoen har perioden 2007-23 vore medlem i Møre og Romsdal fylkesting, der han 2019-21 var fylkesvaraordførar. Sidan 2013 har han vore leiar av Møre og Romsdal Arbeidarparti. Til stortingsvalet 2021 var han partiet sin fyrstekandidat. På stortinget vart han same hausten vald til andre nestleiar i Næringskomiteen.

Kjømoen er utdanna cand.mag. i statsvitskap ved NTNU i 2000. Han arbeidde så som journalist, var redaktør av Åndalsnes Avis 2002–08 og informasjonssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune 2008–13. Han er busett på Åndalsnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]