Per Wästberg
| Per Wästberg | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 20. november 1933 (92 år) Stockholm |
| Yrke | skribent, journalist, lyrikar, litteraturkritikar |
| Medlem av | Svenska Akademien |
| Far | Erik Wästberg |
| Ektefelle | Anna-Lena Wästberg, Anita Theorell |
| Born | Johanna Ekström |
| Prisar | Litteris et Artibus, De Nios Stora Pris, O.R. Tambos fortjenstorden |
| Per Wästberg på Commons | |
Per Wästberg (fødd 20. november 1933 i Stockholm[1]) er ein svensk skjønnlitterær forfattar, litteraturkritikar og journalist.
Wästberg debuterte som forfattar i 1949. Han vart i 1953 journalist i avisa Dagens Nyheter, seinare òg kulturredaktør. Frå 1976 til 1982 var Wästberg sjefredaktør for Dagens Nyheter. I 1997 vart Wästberg innvald som medlem i Svenska Akademien, der han har stol nummer 12.[1]
Politisk engasjement
[endre | endre wikiteksten]Wästberg har òg utmerkt seg ved eit sterkt politisk engasjement knytt til ytringsfridom og menneskerettar. I 1964 var han medstiftar av den svenske avdelinga av Amnesty International.[1] I 1967 vart han leiar for den svenske PEN-klubben.[1] Seinare var han òg leiar for International PEN frå 1979 til 1986.[2] Etter reiser i Afrika voks det fram eit aukande engasjement retta mot kolonialisme og raseskiljepolitikken i Rhodesia og Sør-Afrika. I 1959 vart han utvist frå Rhodesia, året etter òg frå Sør-Afrika. Han utgav i 1960 to bøker om dei to landa, Förbjudet område og På svarta listan, som fekk tyding for kampen mot apartheid.[2]
Prisar og utmerkingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]| Årstal | Prisar | Boktittel |
|---|---|---|
| April 2008 | Utnemnd til medlem av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjesvener for sitt bidrag til kampen mot kolonialisme i Afrika og apartheid i Sør-Afrika.[2] | |
| 2001 | Augustprisen | Minnets stigar |
| 1997 | Samfundet De Nios store pris[1] | |
| 1995 | Gerard Bonniers pris | |
| 1993 | Övralidsprisen | |
| 1993 | Wahlström og Widstrands litteraturpris |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Per Wästberg» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 4 5 «Stol nr 12 - Per Wästberg», Svenska Akademien.
- 1 2 3 «Companion of The Order of the Companions of OR Tambo in Silver Awarded to Per Wästberg (1933 -)» Arkivert 2010-07-19 ved Wayback Machine., Presidency of the Republic of South Africa.