Per Wästberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Wästberg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 20. november 1933 (90 år)
Stockholm
Yrke skribent, journalist, lyrikar, litteraturkritikar
Medlem av Svenska Akademien
Far Erik Wästberg
Ektefelle Anna-Lena Wästberg, Anita Theorell
Born Johanna Ekström
Per Wästberg på Commons

Per Wästberg (fødd 20. november 1933 i Stockholm[1]) er ein svensk skjønnlitterær forfattar, litteraturkritikar og journalist.

Wästberg debuterte som forfattar i 1949. Han vart i 1953 journalist i avisa Dagens Nyheter, seinare òg kulturredaktør. Frå 1976 til 1982 var Wästberg sjefredaktør for Dagens Nyheter. I 1997 vart Wästberg innvald som medlem i Svenska Akademien, der han har stol nummer 12.[1]

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Wästberg har òg utmerkt seg ved eit sterkt politisk engasjement knytt til ytringsfridom og menneskerettar. I 1964 var han medstiftar av den svenske avdelinga av Amnesty International.[1] I 1967 vart han leiar for den svenske PEN-klubben.[1] Seinare var han òg leiar for International PEN frå 1979 til 1986.[2] Etter reiser i Afrika voks det fram eit aukande engasjement retta mot kolonialisme og raseskiljepolitikken i Rhodesia og Sør-Afrika. I 1959 vart han utvist frå Rhodesia, året etter òg frå Sør-Afrika. Han utgav i 1960 to bøker om dei to landa, Förbjudet område og På svarta listan, som fekk tyding for kampen mot apartheid.[2]

Prisar og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prisar Boktittel
April 2008 Utnemnd til medlem av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjesvener
for sitt bidrag til kampen mot kolonialisme i Afrika og apartheid i Sør-Afrika.[2]
2001 Augustprisen Minnets stigar
1997 Samfundet De Nios store pris[1]
1995 Gerard Bonniers pris
1993 Övralidsprisen
1993 Wahlström og Widstrands litteraturpris

Kjelder[endre | endre wikiteksten]