Perevalnoje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landsbyen Perevalnoje

Perevalnoje (ukrainsk Перевальне; russisk Перевальное; før 1945 Angara) er ein landsby på Krimhalvøya, eit omstridt territorium - anerkjent av eit fleirtal av land som ein del av Ukraina, men administrert av Russland som Krimhalvøya. Landsbyen Perevalnoje vert i 2017 administrert av Dobre landsbyråd, som i sin tur er underordna Simferopol rajon (distrikt eller kommune).[1]

I følgje ukrainsk bustadsteljing i 2001, var folketalet i landsbyen 3 660. Landsbyen ligg i midten av Krimfjella, ved sida av Tsjatyr-Dag-massivet. Simferopol—Alushta—Jalta motorveg går gjennom landsbyen, og dessutan Krim Trolleybusslinje, som har eit stopp der.

Det er ein garnison i Perevalnoje. Tidlegare hadde han eit sovjetisk øvingssenter for spesialstyrkar. Den ukrainske 36. mekaniserte kystinfanteribrigaden låg der. Under Krim-krisa i 2014 vart han kringsett av russiske soldatar med uniformer utan nasjonalmerke eller rang.[2][3][4] 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://gska2.rada.gov.ua/pls/z7502/A005?rdat1=30.06.2008&rf7571=15400
  2. https://www.youtube.com/watch?v=FQzss7SdmiE
  3. https://www.youtube.com/watch?v=BI9a2a2dRRk
  4. https://www.youtube.com/watch?v=HXO89b-Op_E