Performance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Performance (engelsk for framsyning) er ein kunstfagleg term for tverrkunstneriske uttrykk som blandar saman nokre eller eit fleirtal element frå biletkunstens, teaterets, dansens og musikkens område til ei samansmelting som korkje er det eine eller det andre. Performanckunst er gjerne tilsynelatande upretensiøse framsyningar med berre ein aktør som gjer seg nytte av ulike verkemiddel, der ikkje minst bruken av eigen kropp er det sentrale.

Performacekunst er meint å ha si verknad ved at det skjer her og no, og vert ofte utført som lekk i ei kunstutstilling på visningstader og museum for samtidskunst, men kan òg verte framført spontant i det offentlege rom elles, til dømes på gater eller torg. Film- eller videoopptak av performance eller performanceliknande framsyningar kan vere eit kunstverk i seg sjølv, og vert ofte synt fram på fjernsynsskjermar på kunstutstillingar.

Den omveltinga av den rådande kunstoppfatninga og leitinga etter nye vegar for biletkunsten som futurismen, dadaismen og surrealismen representerte, kan sjåast på som forgjengarar til den moderne performancekunsten. Men omgrepet performance vart ikkje teke i bruk før på byrjinga av siste halvparten av 1900-talet, frå omlag 1950 - 1960-åra. Biletkunstnarar byrja då å uttrykkje seg gjennom performance for å utvide biletkunsten frå å vere ei representasjon av eit motiv, til å verte noko levande som gjekk føre seg der og då. Mange av desse tidlege performancekunstnarane kunne vere dansarar og musikarar i tillegg biletkunstnarar. Men det dei ville ha fram, skulle ikkje uttrykkast som dans, men som ei form for abstrahert levande biletkunst som vart til ved handlingane og dei inntrykka og røynslene som handlingane gav.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]