Omkrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Periferi)
Omkrinsen av denne sirkelen er lengda av den svarte linja.

Omkrins, periferi eller perimeter er avstanden rundt ei lukka kurve på eitt plan. Omkrins er au ei slags grense.

I geometrien reknar ein ut omkrinsen av enkle former, som sirklar og ellipsar, ved hjelp av matematiske formlar. I studiar av verda rundt oss, som geografi og astronomi, kan ein bruka meir avanserte måtar til å finna omkrinsen på område som ikkje er fullt så skjematiske.

I daglegtale syner periferi ofte til utkantstrok eller emne som ligg utanfor det som er interessant og som (derfor) er av underordna tyding.

Sirkel[endre | endre wikiteksten]

Omkrinsen til ein sirkel kan reknast ut frå diameteren med denne formelen:

Eller, ved å bytte ut diameteren med radiusen:

der r er radiusen, d er diameteren til sirkelen og π (den greske bokstaven pi) er konstanten 3,1415926...

Ellipse[endre | endre wikiteksten]

Omkrinsen til ein ellipse er meir problematisk da den eksakte løysinga blir ei rekke. Ramanujan har ei forenkling:

der og er store- og lille halvakse til ellipsen. Dei to er avhengige av eksentrisiteten til ellipsen på følgjande måte:

Dette tyder at omkrinsen au kan bli skrive som:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]