Periferieininga Dráma
Periferieininga Dráma Περιφερειακή ενότητα Δράμας | |
---|---|
![]() | |
Periferi | Aust-Makedonía og Thráki |
Hovudstad | Dráma |
Folketal | 98 287 (2011[1]) Rangering 12. |
Areal | 3 468 km² Rangering 12. |
Folketettleik | 28/km² |
Kommunar | 5 |
Postnummer | 66x xx |
Retningsnummer | 252x0 |
Bilnummer | PM |
Heimeside | www.drama.gr |
Periferieininga Dráma (gresk Περιφερειακή ενότητα Δράμας Periferiakí enótita Drámas) er ei periferieining i Hellas i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er Dráma. Periferieininga er det nordlegaste i Gresk Makedonia og det vestlegaste i periferien. Det nordlegaste punktet er Rodopifjella.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Den eldste permanente busetnaden i området er det som i dag er byen Dráma, som har sitt opphav i førhistorisk tid. I antikken var området ein del av Kongedømet Makedonia, og seinare ein del av Romarriket og Austromarriket.
Frå 1200- til 1400-talet skifta Dráma herskarar fleire gongar. I 1204 erobra krossfararane området. I 1223-1224 vart det erobra av Theodoros Ι Komnenos Doukas, keisar av Thessaloníki. Ι 1230 vart det erobra av Ioannis Asen ΙΙ, tsar i Bulgaria, medan det i åra 1242-1243 og i 1246 kom tilbake til austromarane då Ioannis Vatatzis gjenerobra Aust-Makedonia.
På byrjinga av 1300-talet var det uro i området og ein austromersk borgarkrig mellom Andronicus ΙΙ og III Paleologos (1321-1328) og seinare mellom Ioannis Kantakouzinos og medlemmar av Paleologosdynastiet (1341-1347). Det osmanske riket erobra byen Dráma i 1383.
Dráma vart igjen ein del av Hellas etter den første balkankrigen i 1913.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Fjella Órvilos (Slavjanka) ligg i nordvest, Falakró i nord og Rodopifjella i nordaust, medan Meníkio ligg i sørvest. Elva Nestos (Mesta) er den lengste elva i periferieininga og renn i nordlege og austlege område. Periferieininga grensar til Xánthi i aust, Kavála i sør, Sérres i nordvest og vest og til Bulgaria i nord. Dyrkbar mark finst i sørlege og vestlege område av Dráma.
Klima[endre | endre wikiteksten]
Periferieininga har hovudsakleg middelhavsklima i dei sørlege områda. Elles er klimaet kontinentalt med kalde vintrar i høgareliggande og nordlege område.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Tidlegare var Dráma eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]
Periferieining | Kommune | Tidlegare kommune |
Postnummer | Retningsnr |
---|---|---|---|---|
Dráma | Káto Nevrokópi | Káto Nevrokópi | 660 33 | 25230-2 |
Prosotsáni | Prosotsáni | 662 00 | 25220-2 | |
Sitagrí | 660 34 | 23510-9 | ||
Dráma | Dráma | 661 00 | 25210-2 | |
Sidirónero | 660 38 | 25210-9 | ||
Paranésti | Paranésti | 660 32 | 25250-2 | |
Nikifóros | 660 37 | 25210-9 | ||
Doxáto | Doxáto | 663 00 | 25210-6 | |
Kalambáki | 660 31 | 25210-5 |
Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]
Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011[1] |
---|---|---|
Dráma | Dráma | 44 823 |
Prosotsáni | Prosotsáni | 3 553 |
Ájos Athanásios | Doxáto | 3 150 |
Kalambáki | Doxáto | 3 110 |
Doxáto | Doxáto | 2 884 |
Khoristí | Dráma | 2 725 |
Xiropótamos | Dráma | 2 554 |
Káto Nevrokópi | Káto Nevrokópi | 2 157 |
Petroússa | Prosotsáni | 1 704 |
Fotolívos | Prosotsáni | 1 484 |
Kýria | Doxáto | 1 330 |
Kallífytos | Dráma | 1 282 |
Kalós Agrós | Dráma | 1 178 |
Adrianí | Paranésti | 1 080 |
Vólakas | Káto Nevrokópi | 1 028 |
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
- ↑ 2,0 2,1 Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Drama Prefecture frå Engelsk Wikipedia .