Hopp til innhald

Periferieininga Kavála

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Periferieininga Kavála
Περιφερειακή ενότητα Καβάλας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiAust-Makedonía og Thráki
HovudstadKavála
Folketal116 195 (2021[1])
Areal2 111 km² Rangering 33.
Folketettleik55/km²
Kommunar3
Postnummer64x xx - 65x xx
Retningsnummer259x0, 2510
BilnummerKB
Heimesidewww.pref-kavala.gr

Periferieininga Kavala (gresk Περιφερειακή ενότητα Καβάλας, Periferiakí enótita Kaválas) er ei periferieining i Hellas i periferien Aust-Makedonía og Thráki.[2] Hovudstaden i periferieininga er byen Kavála. Elva Nestos (Mesta) renn i aust. Kavála er den austlegaste periferieininga i Gresk Makedonia. Det høgaste punktet er Pangéo på 1 957 moh.

Fjella Pangéo ligg i vest. Dei nordlege områda, særleg ved Karántere er aude og folketomme. Kavála grensar til Sérres i vest, Dráma i nord og Xánthi i aust, medan Det thrakiske havet ligg i sør. Dyrkbar mark finn ein langs kysten, i nordlege og i austlege område.

Store delar av periferieininga har middelhavsklima. I høgareliggande område er klimaet meir kontinentalt med kalde vintrar.

Periferieininga var tidlegare var ein del av Kavála prefektur saman med Thásos.[2] Frå 2011 har periferieininga dei tre kommunane

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
KaválaKavála54 02751 947
KhrysoúpoliNéstos8 8858 824
ElevtheroúpoliPangéo4 3604 303
Néa PéramosPangéo3 5143 502
KrinídesKavála3 3652 925
AmygdaleónasKavála2 7242 647
Paleó TsiflíkiKavála2 1951 983
Néa KarváliKavála2 1601 925
KhrysokhóriNéstos1 8181 711
NikísianiPangéo2 2361 701
Néa IraklítsaPangéo1 5601 596
Néa KaryáNéstos1 4261 302
KokkinókhomaPangéo1 4721 284
ElevtherésPangéo1 3031 279
KeramotíNéstos1 4381 231
Paralía OfryníouPangéo1 1461 220
ZygósKavála1 4851 209
PaleokhóriPangéo1 4041 114
EleokhóriPangéo1 195981

Referansar

[endre | endre wikiteksten]