Periklis Iakovakis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periklis Iakovakis
Iakovakis-Tsiklitiria2007.jpg
Verkeleg namn Περικλής Ικωβάκης
Fødd 24. mars 1979
Pátra
Periklis Iakovakis på Commons

Periklis Iakovakis (fødd 24. mars 1979) er ein gresk tidlegare friidrettsutøvar frå Patras som vart europameister på langhekken i 2006, og vann bronsemedaljen i øvinga under friidretts-VM 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Iakovakis tok steget opp mot verdseliten på 400 meter hekk då han i 2001-sesongen vart klokka inn på 48,87 sekundar. Året etter forbetra han den personlege rekorden til 48,66, og han kom på femteplass i friidretts-EM i München. Under verdsmeisterskapen 2003 vann han sitt semifinalefelt på gresk rekord, 48,17. I finalen tok han bronsemedaljen på sterke 48,24, like bak sølvmedaljøren, men nesten sekundet bak den suverene verdsmeisteren, Félix Sánchez.

I mai 2006 sprengde Iakovakis 48-sekundsgrensa for fyrste gong. Han kom i Osaka i mål til 47,82 sekundar. Under europameisterskapen i Göteborg i august månad vann han gullet etter 48,46 sekundar. Like etter EM fekk han notert 47,92 då hann sigra i Weltklasse-stemnet i Zürich.

Også i åra etter 2006 heldt Iakovakis fram med å kvalifisere seg til finalane på 400 m hekk i dei store meisterskapane, utan å kunne innkassere medaljar. Etter 2010-sesongen presterte han på eit lægre nivå, og la bort løpsskorne då Sommar-OL i London var over.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010
Tid 51,6 49,82 49,53 49,35 48,87 48,66 48,17 48,47 48,24 47,82 48,35 48,69 48,42 49,38

Kjelder[endre | endre wikiteksten]